Fylkesmannen i Vestland

Frå 1. januar 2019 blir Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slått saman til Fylkesmannen i Vestland.

Det nye embetet har rundt 280 tilsette, og kontor i Leikanger, Bergen og Førde. Vi har seks avdelingar. Alle avdelingane har tilsette både i begge fylka. 

 

Organisasjonskart FMVL

Organisasjonskart FMVL

Hovudsete for det nye embetet er Leikanger, med kontorstader i Bergen og Førde. Talet på kommunar i det nye embetet er 59 ved årsskiftet 2019.

Fylkesmannen i Vestland er Lars Sponheim. Sponheim var fylkesmann i Hordaland frå 2010-2018. Han var leiar av partiet Venstre i 14 år og stortingsrepresentant for Hordaland. Han var nærings- og handelsminister 1997–2000 og landbruksminister i perioden 2001–2005. Sponheim er utdanna landbruksøkonom.