Ny nettside med oversikt over partia sin økonomi

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utvikla ein ny versjon av nettsida partifinansiering.no, der ein enkelt kan få oversikt over korleis dei ulike politiske partia vert finansierte.

Den nye nettsida har til hensikt å offentleggjere informasjon om dei politiske partia sin økonomi, og brukarane vil mellom anna få innblikk i kven som er viktige bidragsytarar og kva kostnadar og eigedom partia har. Det vil og bli enklare å søkje i, filtrere og importere data.

Nettsida er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Statistisk sentralbyrå (SSB) og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det er Fylkesmannen som har utvikla og levert sida, medan ansvaret for å samanstille opplysingane frå partia og gjere informasjonen elektronisk tilgjengelg for publikum, ligg hos SSB. Departementet er eigar.

Kontaktpersonar