Fylkesberedskapssjefen får pris for eineståande innsats

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, får Kvinners Frivillige Beredskap sin Beredskapspris. 

Prisen vart stifta i 2008 med føremål om å setje beredskap på dagsorden. Aktuelle mottakarar er enkeltpersonar i forsvarsrelatert eller sivil sektor som "gjennom personleg innsats og sterkt engasjement har bidrege til å betre beredskapen i det norske samfunn".

Av faktorar som gjorde at det i år er Haavard som får æra av å ta imot denne prisen, vert det mellom anna nemnt at han er oppteken av at beredskapen skal fungere i praksis og at lærdom etter hendingar skal vere med å betre beredskapsarbeidet, at han er god til å gi konstruktive tilbakemeldingar på førespurnadar frå kommunane og DSB, og at han har sett beredskapsarbeid på kartet i fylket. I tillegg vert rolla som initiativtakar til etablering av læringsnettverk, samarbeid mellom kommunar og utvikling av IKT-verktøy for risiko- og sårbarheitsanalysar trekt fram.

Juryen består av tidlegare stortingspolitikar, Signe Øye; oberstløytnant i Forsvarsstaben, Henning Skøien; administrasjonsleiar i Personellforbundet, Inger Løwen; nestleiar i Norges Kvinne- og familieforbund, Wenche Rolstad og forbundsleiar i Norges Lotteforbund, Nina Karin Skogan. Dei konkluderer med at Haavard sin innsats er eineståande, og at han er ein verdig ambassadør for beredskapssaken.

Haavard er svært takksam for at arbeidet han legg ned vert sett pris på:
- Eg tykkjer det er veldig stas å få ros for arbeidet eg gjer. Eg ser og prisen som ei viktig anerkjenning av det arbeidet som eit samla beredskapsmiljø i fylket gjer, ikkje minst ved at vi er flinke til å jobbe tett saman når noko skjer, seier fylkesberedskapssjefen.

Utdelinga av prisen finn stad på Totalforsvarskonferansen 2018 på Litteraturhuset i Oslo, i dag 16. april.

Kontaktpersonar