Sogn og Fjordane-modellen skapar gode samfunn

I Sogn og Fjordane har vi tradisjon for tett samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Målet må vera at denne modellen vert utvikla vidare og teken i bruk i det nye fylket. Les kronikken frå Anne Karin Hamre, Gunnar Hæreid, Jenny Følling og Harald Offerdal. 

Sogn og Fjordane er kjent som trivselsfylket, som hamnar i rett ende på dei fleste  statistikkane for livskvalitet. Ein grunn til at me kjem godt ut, er det tette samarbeidet mellom offentlege og private aktørar gjennom «Sogn og Fjordane-modellen». Korleis klarar me å ta vare på kvalitetane når dei gamle fylkeseiningane vert slegne saman til større einingar? Og klarar me å bruka modellen til å løysa dei store samfunnsutfordringane med klimaendringar, integrering og å ta vare på utsette born og unge? Målet må vera at «Sogn og Fjordane-modellen» vert utvikla vidare og teken i bruk i det nye fylket.

Fylkesmannen, fylkeskommunen, Nav, IMDi og UDI møttest til samarbeidsmøte i mars i fjor. Harald Offerdal er ikkje til stades på dette biletet.

Fylkesmannen, fylkeskommunen, Nav, IMDi og UDI møttest til samarbeidsmøte i mars i fjor. Harald Offerdal er ikkje til stades på dette biletet.

«Sogn og Fjordane-modellen»

Trivselsfylket kjem godt ut på statistikkane for mellom anna kriminalitetsrate, skuleresultat, fråfall i vidaregåande skule, gjennomstrøyming i høgare utdanning, arbeidsløyse, sjukefråvær og uføregrad, sosialhjelp, medikamentbruk, tannhelse, rus og levealder. Me er også langt framme i bruk av moderne IKT-teknologi.

I eit intervju for eit par år sidan vart dekanen på lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, spurd korleis det starta, at skulane i fylket vart så gode. Han svara at det starta då utdanningsdirektør Bjørn Tønnessen hjå Fylkesmannen ringde og sa at dei måtte gjera noko for å løfta skulane. Som følgje av dette kontakta Fylkesmannen og høgskulen dei andre viktige aktørane KS, fylkeskommunen, Utdanningsforbundet og Skolelederforbundet. Saman laga dei Forum for skule- og barnehageutvikling, der dei sette dei seg ned og konkretiserte kva som måtte gjerast. Eit viktig tiltak var at høgskulen skreddarsydde etter- og vidareutdanning for lærarar.

«Sogn og Fjordane-modellen» går altså ut på at me samarbeider og samhandlar for å skapa gode samfunn. På den måten får me betre resultat enn der verksemder med tverrfagleg ansvar, som Fylkesmannen, fylkeskommunen, høgskulen og KS, konkurrerer om å vera den beste utviklingsaktøren.

I praksis lagar me faste nettverk på område me meiner treng eit løft, der dei viktigaste aktørane samarbeider om felles mål. Oppgåvene til samarbeidsforuma er å finna ut kva som eigentleg er problema, danna felles målsetnader og så setja i verk konkrete tiltak for å nå måla.

Døme på andre slike nettverk er:

  • Forum for folkehelse, helse og omsorg, med regionråda, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, fylkeskommunen, Fylkesmannen, Nav, brukarrepresentant og samhandlingskoordinator
  • Læringsnettverk om mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, med Fylkesmannen, kommunane og IMDi, Husbanken og Nav
  • Regionalt plannettverk for kommunane, med fylkeskommunen, Fylkesmannen og KS
  • IT-forum Sogn og Fjordane, med Fylkesmannen, fylkeskommunen, Vestlandsforsking, høgskulen, NHO, KS, Helse Førde, Kunnskapsparken, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane Energi, Innovasjon Noreg, Sunnfjord Energi, Hydro Aluminium, Enivest, Sognenett, Difi, Sogndal Fotball og Lerum

IT-forum arbeider slik at styret prioriterer konkrete samarbeidsprosjekt. Vestlandsforsking er sekretariat i IT-forum, og set i verk og koordinerer prosjekta. Fylkeskommunen finansierer sekretariatet, medan større prosjekt er finansierte av ulike støtteordningar. IT-forum står mellom anna bak at det vert starta opp bachelorgrad i IT ved høgskulen frå hausten 2018 og at Sogn og Fjordane vart det første fylket i landet som i 2014 sluttførte «meldingsløftet» i alle kommunar, altså elektronisk utveksling av helsemeldingar mellom fastlege, helseføretak og pleie- og omsorg. Andre aktuelle løft der IT-forum gjer at fylket ligg langt framme, er felles satsing på velferdsteknologi for alle kommunar, utbygging av breiband i alle kommunar og «Digitaliseringsfylket»; forbetra digital samhandling mellom stat, kommune og innbyggjarar.

Samhandling og samordning

Framover er det brei semje om at dei viktigaste utfordringane for samfunnet er klimaendringar, integrering og å ta vare på utsette born og unge. Dette er samansette utfordringar, der mange fagfelt har delansvar på tvers av departement, direktorat, regional forvaltning og kommunale tenester.

Då Jørgen Kosmo var riksrevisor, sa han at mangelen på samhandling og på makt og mynde til å samordna, er den største utfordringa for styringa av landet. Både den første maktutgreiinga frå byrjinga av 80-talet og den andre som kom i 2003, sette søkjelyset på den siloprega og oppsplitta staten. System og praksis er vorte meir retta mot å nå sektormål, mindre mot heilskap og å prioritera mellom ulike interesser. Den sterke veksten i direktorata dei siste 20 åra, er eit symbol på dette.

Samanslåingar

Høgskulen i Sogn og Fjordane vart i fjor ein del av Høgskulen på Vestlandet, medan politidistrikta vart til Vest politidistrikt. Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane vert slegne saman frå 2019, og fylkeskommunane i dei to fylka frå 2020. Også fylkesledda i Nav står for tur, medan mange statlege etatar har frå før ansvar for dei to fylka, ofte slik at  Rogaland også er med.

Klart mål om samarbeidskultur

Når offentlege verksemder i Sogn og Fjordane no vert slegne saman med tilsvarande verksemder i Hordaland, kan det ha fordelar, til dømes breiare fagmiljø og meir spesialisering. Men det kan også ha ulemper, til dømes at kompetanse og samarbeidsformer går tapt. For å få til gode samanslåingar må me ta vare på dei beste kvalitetane i kvar av organisasjonane, også dei kvalitetane som ikkje følgjer av uttrykkjelege oppdrag. For Sogn og Fjordane er samarbeidskulturen ein slik kvalitet.

Me skapar dei beste samfunna når me finn saman, ikkje med silotenking og konkurranse. Difor må me gå inn i samanslåingane med eit klart mål om at «Sogn og Fjordane-modellen» skal overleva og eksporterast til nye område.

Jenny Følling, fylkesordførar

Anne Karin Hamre, fylkesmann

Harald N. Offerdal, leiar i KS Sogn og Fjordane

Gunnar O. Hæreid, leiar i IT-forum Sogn og Fjordane

Kontaktpersonar