Referat frå møte i statleg leiargruppe

Fylkesmann Anne Karin Hamre orienterer statleg leiargruppe
Fylkesmann Anne Karin Hamre orienterer statleg leiargruppe (Foto: FMSF / Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Førre veke møttest om lag 20 statlege leiarar med regionalt ansvar for Sogn og Fjordane på Statens hus i Leikanger for å oppdatere kvarandre om strukturprosessar, og diskutere viktige satsingsområde framover.

Statleg leiargruppe er ein viktig arena for å byggje kjennskap og tillit på tvers av sektorar og fagmiljø. Fylkesmannen Anne Karin Hamre opna møtet med ei overordna orientering om utviklingstrekk og status for ulike strukturreformer i offentleg sektor. Når det er så mange strukturendringar på gang i ulike statlege sektorar, er det særleg viktig å møtast for å få ei samla oversikt over kva som skjer, påpeika Hamre.

Brukarretta digitalisering og tverretatleg samarbeid vart av fleire etatsleiarar trekt fram som særskilt viktige satsingsområde framover. Ved etablering av nye og større regionale einingar må ein difor vurdere kva møtearenaer som best kan ivareta behov og forventningar til samarbeid og samhandling.