Nyhende
-
25.04.2018
Mange bidrag til den nye klimapolitikken
Klimakonferansen i Sogndal er godt i gang, og ei stor spennvidd av innleiarar har bidrege med sine perspektiv på klimafaglege utfordringar. Her får du ei kort oppsummering av dagens program.
-
25.04.2018
Fylkesmannen og fylkesordføraren opna nasjonal klimakonferanse
Anne Karin Hamre og Jenny Følling opna i fellesskap det som vert den tredje nasjonale klimakonferansen i Sogndal. Dei neste to dagane møtest om lag 145 deltakarar for å høyre meir om korleis nasjonale føringar og lokal klimapolitikk kan bidra til heilskapleg klimaomstilling.
-
24.04.2018
Apostillestempel på dokument
Torsdag 26. og fredag 27. april vil det ikkje vere mogleg å få apostille på Statens hus i Leikanger, eller på kontoret vårt i Førde.
-
21.04.2018
Nye statsborgarar i Sogn og Fjordane 2018
Laurdag 21. april arrangerte vi statsborgarseremoni for 77 nye statsborgarar frå 15 kommunar og 18 ulike opphavsland. Seremonien fann stad i Flora samfunnshus.
-
20.04.2018
Sjøaurefiske i sjøen
Om våren er det fint å fiske etter sjøaure i sjøen. Vil du prøve fiskestonga, må du kjenne til fiskereglane.
-
20.04.2018
Eittåring sendt heim frå legevakt to gonger
Fylkesmannen har behandla to tilsynssaker som gjeld helsehjelpa ytt til eit barn på eitt år som oppsøkte legevakta to gongar med feber og krampe. Fylkesmannen konkluderte med at den første legen ikkje gav fagleg forsvarleg hjelp, medan saka mot den andre legen er sendt til Statens helsetilsyn.
-
20.04.2018
Endring av grenser for Flostranda naturreservat
Fylkesmannen kjem med framlegg om å endre grensene for Flostranda naturreservat som følgje av vedtekne planar om bygging av ny Fv 722 med tunnel til Flo. Endringane gjeld både reduksjon og utviding.
-
19.04.2018
Hugs ferdselsforbodet i sjøfuglreservata
Sjøfuglane har begynt årets hekkesesong. I denne sårbare perioden er det viktig at fuglane ikkje blir forstyrra, og derfor er det no ferdselsforbod i sjøfuglreservata.
-
19.04.2018
Vaksinering mot meslingar av tilsette i helse og omsorgstenestene
Helsedirektoratet har sendt ut ei orientering om vaksinering av tilsette i helse- og omsorgstenestene mot meslingar for å beskytte sårbare pasientar mot smitte.
-
19.04.2018
Økonominettverksamling på Leikanger, 4. og 5. juni 2018
Årets samling i økonominettverket er lagt til Leikanger og Statens Hus. Tema for samlinga er mellom anna ny Kostra-portal, gjeld og gjeldsforvaltning, ny kommunelov og kommuneproposisjonen 2019.