Nasjonalparkforvaltning på tvers av fylkesgrensene

Nasjonalpark- og verneområdeforvaltarane hadde besøksstrategi, merkevarebygging og formidling som tema på ein fagdag i Fjærland.

Forvaltarane samla på Norsk Bremuseum i Fjærland. Frå venstre: Astrid (Folgefonna/Rosendal), Kari i forkledning (Jotunheimen/Lom), Bjørn (Breheimen/Skjåk), Anbjørg (Stølsheimen og Nærøyfjorden/Aurland), Magnus i forkledning (Jotunheimen/Gaupne), Eldrid (Breheimen/Gaupne), Maria (Jostedalsbreen/Gaupne) og Alf Erik (Naustdal/Gjengedal og Ålfotbreen/Sandane). Foto: Nils Erling Yndesdal

I tillegg til ordinære oppgåver som mellom anna omfattar sakshandsaming for styra, tilrettelegging for skjøtsel og informasjon, skal alle nasjonalparkane og dei andre verneområda ha på plass eigne besøksstrategiar. I dette arbeidet har forvaltarane tett dialog med kvarandre – ikkje minst der verneområda har areal i fleire fylke.

På ein fagdag i Fjærland hausten 2017 deltok dei fire nasjonalpark- og verneområdeforvaltarane som høyrer til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, den eine nasjonalparkforvaltaren som høyrer til Hordaland, og ein av fleire nasjonalparkforvaltarar som har Fylkesmannen i Oppland som arbeidsgjevar. Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal deltok på fagdagen, og han skrytte av det gode samarbeidet forvaltarane i mange år har hatt på tvers av fylkesgrensene.

Ordninga med eigne statlege styre med lokale og regionale politikarar, og lokalt plasserte nasjonalpark- og verneområdeforvaltarar, vart innført i 2011. Dei fem forvaltarane som høyrer til Hordaland og Sogn og Fjordane har kontor i Rosendal, Aurland, Gaupne (2) og på Sandane.