Fylkesmannen godkjenner prøvetaking i Sætremyrane naturreservat

Sjølv om undersøkingane i Sætremyrane skjer på initiativ frå Fylkesmannen, treng prøvetaking og andre inngrep formelt løyve.

På oppdrag frå Fylkesmannen skal NTNU-Vitenskapsmuseet og Bioforsk kartleggje og karakterisere den verna myra, for å finne ut i kva grad tidlegare torvuttak har endra den naturlege forma og voksteren på myra. Det skal danne grunnlag for eventuelle tiltak for å attskape meir av dei naturlege tilhøva, og betre tilhøva for å ta opp klimagassar. Arbeidet skal såleis kome både dette naturreservatet og heile klimaarbeidet til gode.

Naturmangfaldlova krev like fullt at ein vel dei metodane som gjer minst skade på naturmangfaldet og som gjev dei beste resultata for samfunnet. I dette tilfellet er det viktig å gjere prøvetakinga så skånsam som mogleg, og at ein også tek omsyn til kulturminne. Dette er grunnlaget for løyvet som Fylkesmannen har gjeve, med nærare vilkår.

Sætremyrane naturreservat - det store holet i myra

Sætremyrane naturreservat - det store holet i myra


Sætremyrane. Det store holet midt i myra er truleg eldre enn torvstrøfabrikken. Foto: Johannes Anonby