Verneområde

Jostedalsbreen frå Mundal. (Foto: Tore Larsen)
Jostedalsbreen frå Mundal. (Foto: Tore Larsen)

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Fylkesmannen er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. 

Vis meir

Det er til saman 156 verna naturførekomstar i Sogn og Fjordane. Av desse er 12 såkalla naturminne, ei eldre verneform som stort sett dreier seg om enkelttre. Av eigentlege naturvernområde har vi 144. Dei femnar om 125 naturreservat, 4 nasjonalparkar, 10 landskapsvernområde og 5 område med fuglelivsfreding. Naturvernområda i fylket utgjer totalt 4064 km2 landareal og 163 km2 sjøareal.

Det verna landarealet utgjer 21,8 % av Sogn og Fjordane, medan 4,2 % av sjøarealet innanfor grunnlinja i fylket er verna i dag. Sjølv om fylket er blant dei som prosentvis har mykje verna areal i landet, er det berre ein svært liten del av dei artsrike låglandsområda som er verna. Nesten 90 % av det verna landarealet i fylket ligg høgare enn 800 meter over havet, og ein vesentleg del av den verna naturen er is og snø.


10.03.2017

Frivillig skogvern – oppstart av verneprosess

Fylkesmannen varslar i desse dagar oppstart av verneprosess for fire område i Sogn og Fjordane.


17.08.2016

Naturreservat utvida med 45 dekar

Edellauvskogreservatet Ytamo i Luster har fått ny grense og forskrift.


07.07.2016

Anbodskonkurranse - Kartlegging av gran i naturreservat

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ynskjer å kartlegge førekomstane av gran i åtte naturreservat i fylket. Vi lyser derfor ut ein anbodskonkurranse der vi ber aktuelle leverandørar gje pris på dette oppdraget.


21.06.2016

Utveksling av erfaringar i verneområda

Nyleg var sju nasjonalpark- og verneområdeforvaltarar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Oppland på samling i Nærøyfjorden landskapsvernområde. Her utveksla dei erfaring og kunnskap om dei store verneområda.


17.06.2016

Skjøtselplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde

Den 21. og 22. juni startar arbeidet med skjøtselsplan for Mørkridsdalen landskapsvernområde. Breheimen nasjonalparkstyre har invitert grunneigarar og brukarar til orienteringsmøte.


04.05.2016

Hugs ferdselsforbodet i sjøfuglreservata

Sjøfuglane har begynt årets hekkesesong. I denne sårbare perioden er det viktig at fuglane ikkje blir forstyrra, og derfor er det no ferdselsforbod i sjøfuglreservata.


25.02.2016

Breheimen nasjonalparkstyre tilrår endringar

Forvaltningsplanen for verneområda i Breheimen var på brei høyring i perioden 1. juli - 5. oktober 2015, og det kom inn til saman 40 uttalar. 


11.12.2015

Oppretting av to naturreservat

Regjeringa gjorde i statsråd 11.12.2015 vedtak om å opprette 66 skogvernområde i Noreg. To av dei ligg i Sogn og Fjordane.


22.07.2015

Berre fire kommunar med lokal forvaltning

I Sogn og Fjordane er det berre kommunane Luster, Vik, Naustdal og Gloppen som har teke i mot tilbodet om å overta forvaltningsansvaret for verneområde.


16.07.2015

10 år med verdsarvstatus

Vestnorsk fjordlandskap Nærøyfjorden og Geirangerfjorden har hatt verdsarvstatus i 10 år.


Fleire nyhende