Undervassglidar, framtidas overvaking?

Tidlegare har glidaren samla informasjon i Norskehavet, no har den også samla data i Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø.

Fylkesmannen har i haust støtta eit forskingsprosjekt som NIVA (Norsk institutt for vannforskning) har, saman med Universitetet i Bergen og Runde miljøsenter, der dei testar ut ein såkalla glider i Hornindalsvatnet. Forsøka med ein slik undervassfarkost vart utført i oktober 2013. Som Europas djupaste innsjø, er Hornindalsvatnet eit «barometer» for korleis klimaet endrar seg og korleis utviklinga i vassutskifting og vasskvalitet i større innsjøar kan endre seg i framtida. NIVA har sidan 1994 gjort målingar i Hornindalsvatnet, opp til seks gongar per år ned til 500 meters djup. Den nye glidaren kan gjere målingar ned til 1000 meters djup, og gjer målingar kontinuerleg opp til fleire månadar av gongen. Medan glidaren ligg i overflaten, sender den målte miljødata til operatøren på land, og kan samtidig få nye instruksjonar om kor den skal gå neste gong den dykkar, eller den dykkar automatisk, i høve til den ruta den er programmert for . Det er mogleg å feste på mange typar sensorar og anna prøvetakingsutstyr, som betyr at ein kan samle masse forskjellig informasjon. I denne omgang vart det, saman med trykk, målt konduktivitet, partiklar (turbiditet), temperatur, klorofyll, oksygen og miljøgifter.  I tillegg loggar farkosten mange parametrar knytt til manøvrering og dykking/oppstiging.

Glider ned foil i Hornindalsvatnet. Frå venste: Lars G. Golmen, Joshue Viera, Karsten Kvalsund, Erik M. Bruvik

Etter vassforskrifta skal alle vatn i Noreg ha minimum god tilstand. For å avgjere korleis tilstanden er, og korleis den utviklar seg, treng vi informasjon om korleis vasskvaliteten er. Tradisjonelt tar ein vassprøver manuelt, men dette kan vere vanskeleg og tidkrevjande, spesielt i djupe innsjøar som Hornindalsvatnet. I tillegg er ein ved manuell prøvetaking avhengig av vêr, vind og årstid. Glideren har ikkje slike avgrensingar, og kan opererere i månadsvis på eigenhand, kunn kontrollert innimellom på internett. 

 

Foto: Glider med foil i Hornindalsvatnet. Frå venstre: Lars G. Golmen,Joshue Viera, Karsten Kvalsund og Erik 

Kontaktpersonar

Lenkjer