Vatn

Kvinnafossen i Leikanger. (Foto: Tore Larsen)
Kvinnafossen i Leikanger. (Foto: Tore Larsen)

Vatn er ein livsnødvendig ressurs for alle. Vi har mykje reint vatn i Noreg, men ikkje alt vatnet har like god kvalitet.

Dette er dei viktigaste årsakene til dårleg vasskvalitet:

  • forureining som forsuring, overgjødsling og spreiing av miljøgifter
  • fysiske endringar som vassdragsregulering, hindringar som for eksempel vegar og jernbaner, og grøfting og andre tiltak som styrer vatnet i kanalar
  • biologiske påverknader som framande fiskeartar, rømt oppdrettsfisk og lakselus

Samarbeid om vassforvaltning
Vatnet renn dit det vil. Dei fleste vasskjeldene strekkjer seg over fleire kommunar eller fylke, og nokre deler vi med nabolanda våre. Derfor må vatnet forvaltast i samarbeid mellom lokale, regionale og sentrale styresmakter. Her samarbeider vi også med nabolanda Sverige, Finland og Russland. 

Noreg er delt inn i elleve vassregionar. Éin fylkeskommune i kvar region er peikt ut som vassregionstyresmakt. I 2015 skal styresmaktene vedta regionale vassforvaltningsplanar med konkrete tiltak. Dette er ein del av innføringa av EUs rammedirektiv for vatn.

Fylkesmannens oppdrag
Klima- og miljødepartementet er ansvarleg styresmakt for innføringa av EUs rammedirektiv for vatn. Fylkesmannen er departementets representant på regionalt nivå, og skal 

  • samle kunnskap om tilstanden på vatnet og gi ei vurdering av miljøtilstanden
  • overvake og kartleggje problem
  • fungere som miljøfagleg rådgivar for andre involverte styresmakter

Vatnet blir påverka på mange ulike måtar. Omsynet til at vi skal ha reint vatn no og i framtida, må vere ein del av vurderinga på alle fagområde.

Vis meir

Vassdraga i Sogn og Fjordane varierer frå relativt store vassdrag som startar i høgfjell og breområder, til små kystvassdrag. Fylket har mange store og flotte fossefall, og Hornindalsvatnet er Europas djupaste innsjø. Sjøområda varierer frå den lange og djupe Sognefjorden til skjergard og ope hav. 


31.01.2018

Mange søknadar om inngrep i vassdrag

Fylkesmannen handsama 40 søknader om inngrep i vassdrag i 2017. Dette er om lag som i 2016, men eit høgt nivå samanlikna med tidlegare år.


26.01.2018

Ny trend for vasskraftutbygginga

Færre nye småkraftprosjekt førte til nedgang i talet på vasskraftsøknader i 2017. Det var derimot fleire planendringar, og to søknader om fornya konsesjonar for eldre utbyggingar.


10.01.2018

Minstevassføring viktig i ny konsesjon i Fortun

Fylkesmannen meiner at slepp av minstevassføring på prioriterte elvestrekningar vil vere eit nødvendig vilkår i ein ny konsesjon for Fortun-Grandfasta-reguleringane.


08.01.2018

Positiv til justert plan for Øyane kraftverk

Fylkesmannen har vurdert ein ny og justert søknad for Øyane kraftverk i Luster kommune. Vi meiner det under gitte føresetnader kan gjevast konsesjon.


26.10.2017

Markering ved Lærdalselvi 30. oktober

Måndag 30. oktober kan Lærdalselvi verte friskmeldt etter at laksen har vore infisert av parasitten Gyrodactylus salaris.


16.10.2017

Fornya konsesjon for kraftverk i Svelgen

Fylkesmannen meiner det vil vere viktig å oppretthalde ein høg kraftproduksjon i Svelgen I og II kraftverk, men ber om at det vert teke inn krav om minstevassføring på to viktige elvestrekningar.


12.10.2017

Kritisk til Melkevoll kraftverk i Oldedalen

På grunn av store synlege inngrep, og periodevis sterkt redusert vassføring i eit verna vassdrag, rår Fylkesmannen sterkt frå at det vert gjeve konsesjon til Melkevoll kraftverk i Storelva i Oldedalen.


04.05.2017

Små merknader til minikraftverk

Fylkesmannen har vurdert at Osen kraftverk i Høyanger kan realiserast med akseptable konsekvensar for naturmiljøet.  


10.04.2017

Betre flaumsikring og miljøtilstand

Eit nytt forskingsprosjekt skal gje betre flaumsikring og betre miljøtilstand i vassdrag.


07.04.2017

Miljøtiltak i Bortneelva

Betre leveområde og oppvandringshøve for fisk i Bortneelva i Bremanger skal auke produksjonen av laks og sjøaure i vassdraget.


Fleire nyhende