Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn er rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å halde oppe eit aktivt jordbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må rovviltbestanden forvaltast, samtidig som jordbruket må tilpassast noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir

Stortinget har bestemt at det ikkje skal vere faste førekomstar av gaupe, jerv, ulv og bjørn i Sogn og Fjordane. Streifdyr kan førekome, og vanlegast er gaupe og jerv. Tidvis er det også yngling av jerv og gaupe. Eit aktivt jordbruk og stor bruk av dei gode beiteressursane er hovudgrunnen til at Vestlandet er prioritert for beitedyr. Det er lisensjakt på jerv og kvotefri jakt på gaupe i fylket. Vi har om lag hundre par hekkande kongeørnpar i Sogn og Fjordane.


09.07.2018

Fellingsløyve på ulv i Naustdal

Fylkesmannen har gjeve Nordsida og Svoen sankelag løyve til felling av ein skadegjerande ulv i Naustdal kommune. Det er knytt fleire vilkår til fellingsløyvet.


31.01.2018

Kvotefri jakt på gaupe

Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2018. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Sogn og Fjordane i denne perioden.


24.10.2017

No kan du søke om rovvilterstatning

Det elektroniske søknadssenteret for rovvilterstatning er opna og søknader skal sendast inn her innan 1. november.


08.09.2017

Lisensjakt på jerv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.


09.02.2017

Lite rovviltskade i beitesesongen

2016 vart tilnærma eit normalår for utbetaling av rovdyrskade i fylket. Totalt vart det utbetalt vel 525.000 kroner i erstatningar.


30.01.2017

Kvotefri jakt på gaupe

Kvotejakta på gaupe startar opp 1. februar og varer til 31. mars 2017. Rovviltnemnda i Region 1 har vedteke kvotefri gaupejakt i heile Sogn og Fjordane i denne perioden.


06.12.2016

Kvotefri jakt på gaupe

Rovviltnemnda har vedteke at det skal vere kvotefri jakt på gaupe i region 1 også for 2017.


25.10.2016

No kan du søke om rovvilterstatning

Det elektroniske søknadssenteret for rovvilterstatning er opna og søknader skal sendast inn her innan 1. november.


30.09.2016

Lisensjakta på ulv startar 1. oktober

Rovviltnemnda har vedteke at tre ulvar kan fellast under lisensjakta 2016/2017 i region 1.


06.09.2016

Lisensjakt på jerv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.


Fleire nyhende


Kontaktpersonar

Vakttelefon rovvilt - sommaren 2018

11.juli - 29.juli:

Eline Orheim

Tlf: 41 56 38 47

30.juli - 12.august

Gunn Helen Henne

Tlf: 99 44 74 85