Klima- og miljøministeren på Værlandet

Fylkesmannen deltok med orienteringar under klima- og miljøminister Vidar Helgesen sitt besøk på Værlandet 8. august.

Statsråden besøkte Norsk sjøfuglsenter, Værlandet gjestehamn, Værlandet havhotell og Sørværet naturreservat. På ferjeturen ut til Værlandet var utfordringar knytt til fastlandssambandet for Atløy tema.

Ordføraren i Askvoll var vertskap for besøket.

Fylkesmannen orienterte mellom anna om utviklinga av sjøfuglbestandane på kysten generelt og i sjøfuglreservata i Askvoll spesielt, forvalting av Sørværet naturreservat, avtalar med villsaubønder om forvaltning av den skjøtselskrevjande naturtypen kystlynghei, og praktisering av reglane om bygging i strandsona.

Villsaubonde Hilde Buer peikar ut over Sørværet naturreservat og fortel klima- og miljøminister Vidar Helgesen om drifta og forvaltinga av kystlyngheia. Foto: Nils Erling Yndesdal

Kontaktpersonar