Naturmangfald

Valsehjorten er ei lita bille som lever i råtnande lauvtrestubbar. (Foto: Tore Larsen)
Valsehjorten er ei lita bille som lever i råtnande lauvtrestubbar. (Foto: Tore Larsen)

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Fylkesmannen er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Fylkesmennene har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Fylkesmennene deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Fylkesmannen har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir

Informasjon og rettleiing om kartlegging og forvalting av biologisk mangfald

Fylkesmannen har laga ei statusside med oversikt over tilgjengeleg informasjon om biologisk mangfald i kommunane. Der vil du finne status for arbeidet med kartlegging av biologisk mangfald, rapportar frå naturtypekartlegging, lenker til nettstader med informasjon om naturtypar og artar, og rettleiingar til bruk av nettstader som Artskart og Artsobservasjonar.

Statussida finn du her.

 


28.05.2018

Kartlegging av kalkskog

Miljødirektoratet skal i år gjennomføre naturfagleg kartlegging av kalkskog i seks fylke, mellom desse Sogn og Fjordane.


22.05.2018

Sårbare humler – på jobb for naturen og oss

Det blir færre pollinerande insekt, og i Noreg er fem humleartar på raudlista. Små tiltak kan gi stor effekt for å bevare artane, og du kan bidra.


21.03.2018

Oppstart av sak med framlegg om avvikling av Prestøy naturreservat i Askvoll

Sjøfuglreservatet på Prestøyna ved Askvoll har vore utan hekkande sjøfugl i over 20 år. I samband med at arbeidet med Atløysambandet har starta opp, føreslår Fylkesmannen at verneområdet blir avvikla.


11.01.2018

Tilskot til fjerning av framande artar

Fleire framande artar er i ferd med å spreie seg og bli problem både i hagar, friområde og natur i Sogn og Fjordane. Det er mogleg å søke om midlar til tiltak mot framande artar i 2018, og søknadsfristen er 15. januar.


09.08.2017

Klima- og miljøministeren på Værlandet

Fylkesmannen deltok med orienteringar under klima- og miljøminister Vidar Helgesen sitt besøk på Værlandet 8. august.


21.06.2017

Ein biolog kan dukke opp nær deg

I løpet av sommaren kan ein i delar av fylket støte på biologar både i inn- og utmark, i ferd med å kartlegge det biologiske mangfaldet. I Leikanger og på Hafslo skal dei kartlegge i relativt tettbudde strøk.


17.03.2017

Jordmassar frå problem til ressurs

Region Nordhordland har laga ein rettleiar der det er samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. 


09.03.2017

Kven vil levere tilbod på oppfølging av skjøtselskrevjande naturtypar?

Fylkesmannen vil 15. mars 2017 sende ut konkurransegrunnlag til nokre aktuelle tilbydarar, og håpar det er fleire som vil vere med.


07.02.2017

Livreddande innsats i kraftnettet

Hubroen har blitt ein svært sjeldan fugl i Sogn og Fjordane, og lever eit risikoprega liv. Nettselskapa i fylket har no bidrege til å gjere tilværet tryggare for over halvparten av den kjente hekkebestanden.


03.02.2017

På pudderjakt? Vis omsyn til villreinen

Den spesielle vinteren, med vekslande mildver og frost, har skapt eit hardt isdekke over rabbane i Hurrungane. Villreinen har såleis vanskar med å finne nok mat. Vi oppmodar difor skigåarar om å ta omsyn til villreinen.


Fleire nyhende