Global oppvarming krev klimatilpassingar. For Noregs del betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperaturar, meir nedbør og meir ekstremver. Klimautfordringane kan få store konsekvensar for miljø og samfunn.
Fylkesmannen skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar og for å avgrense framtidige skadar. Ein viktig del av planleggingsarbeidet er gode transportløysingar, robuste vegar og jernbaner, sikker energiforsyning og bustader og andre bygningar som ikkje ligg utsett til for jordras eller andre naturkatastrofar. Fylkesmannen skal òg medverke til at samfunnet er førebudd på å takle flaum, ras, straumbrot og andre alvorlege hendingar.
Lokal planlegging for klimaendringar
Fylkesmannen fungerer som bindeledd mellom den nasjonale klimapolitikken og gjennomføringa ute i lokalsamfunna. Det er kommunane som har hovudansvaret for å byggje gode samfunn for innbyggjarane sine, og klimaperspektivet er ein viktig del av denne planlegginga.
Fylkesmannen skal sikre at kommunane tek tilstrekkeleg omsyn til klimaendringane når dei gjer vedtak. Fylkesmannen er sektorstyresmakt for blant anna miljø og landbruk og har mynde til å føre tilsyn med kommunane, overprøve enkeltvedtak som ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til klimaendringar, og fremme motsegner etter plan- og bygningslova.
Fylkesmannen fører tilsyn med beredskapsarbeidet i kommunane.
Fylkesmannen rettleier kommunane i klimaarbeidet. Fylkesmannen skal klargjere kva krav og forventningar staten har til kommunane, og samtidig formidle synspunkt frå kommunane til sentrale styresmakter.
Korleis kan nasjonale føringar og lokal klimapolitikk bidra til heilskapleg klimaomstilling? Meld deg på årets nasjonale klimakonferanse i Sogndal 24. - 26. april, og ta del i klimaomstillinga av samfunnet.
Korleis kan nasjonale føringar og lokal klimapolitikk bidra til heilskapleg klimaomstilling av samfunnet? Meld deg på #klimaomstilling2018 i Sogndal 24. - 26. april.
Fylkesmann Anne Karin Hamre opna i dag ein nasjonal klimakonferanse i Sogndal, der om lag 150 deltakarar møtest for fagleg påfyll, nettverksbygging og diskusjonar. Opningsinnlegget kan du lese i denne artikkelen.
Denne veka samlar vi om lag 140 deltakarar til ein nasjonal klimakonferanse i Sogn. Konferansen vert strøyma direkte på nett-TV, og du kan kommentere og stille spørsmål via Twitter #klimaomstilling2017.
Framtidas klima er venta å bli varmare, våtare og villare - og meir nedbør og ekstremvêr kan gi både store og langvarige konsekvensar for både miljø og samfunn. Korleis handterer vi dette?
Framtidas klima vert varmare, våtare og villare, og vi må gjere samfunnet smartare, grønare og tryggare. Meld deg på den nasjonale klimakonferansen i Sogndal 29. - 31. august, og ta del i klimaomstillinga.