Friluftsliv

På tur i strandsona. (Foto: Gunn Helen Henne)
På tur i strandsona. (Foto: Gunn Helen Henne)

Alle skal ha høve til å oppleve friluftsliv i naturen og i nærmiljøet, for eksempel å gå turar, å plukke bær og sopp, og å jakte og fiske. Å leggje til rette for friluftsliv er eit viktig tiltak for betre folkehelse. 

Fylkesmannen skal ta hand om nasjonale friluftsinteresser knytte til strandsona, vassdrag og fjellområde. Fylkesmannen er regional representant for staten som grunneigar i dei sikra friluftsområda.

Under behandlinga av saker om arealdisponering skal både Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane ta omsyn til allmenta må få høve til å oppleve friluftsliv. Fylkeskommunen kan gi tilskot til tiltak som motiverer til å delta i friluftsliv, og til å sikre og opparbeide friluftsområde. 

Jakt og fiske

Alt vilt er freda dersom ikkje anna er bestemt i lova eller ved eigne vedtak. Det er Miljødirektoratet som fastset jakttida for ulike artar, men kommunane kan forlengje eller forkorte jakttida for enkelte artar. I verneområde kan det gjelde spesielle reglar for jakt eller vere jaktforbod. Kommunane er styresmakt for det meste av viltforvaltninga, mens fylkeskommunen har ein rettleiarfunksjon og Fylkesmannen er klageinstans.

Fylkesmannen har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn. Fylkesmannen samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Fylkesmannen har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har dessutan ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar. 

Vis meir

Frå naturen si side er Sogn og Fjordane variert – både med omsyn til topografi, nedbør og temperatur – og gir allsidige høve for friluftsliv. Fylket har ei lang kystline med alt frå idylliske øyrike til bratte klipper, og med innslag av svaberg og langgrunne sandstrender. 


02.07.2015

Bruk av båt på ferskvatn

Kanskje du skal ta med båten til nye vatn og elvestrekningar i sommar? Her får du ei lita orientering om rettar og plikter du har.


13.03.2014

Motorferdsel i utmark - kjenner du reglane?

Miljødirektoratet har gjeve ut ein brosjyre som omhandlar reglane for motorferdsel i utmark. Brosjyren er ein revisjon av tidligare brosjyre som er utgjeven av Direktoratet for naturforvaltning.


30.04.2013

Sjumilssteget – Fylkesmannen sitt embetsprosjekt i perioden 2012-2014

29. mai 2012 gjekk startskotet for Fylkesmannen sitt embetsprosjekt «Sjumilssteget», som skal bidra til at kommunane i fylket vert meir medvitne på barn og unge sine oppvekstvilkår.


11.12.2012

Tilskotsordningar miljøvern 2013

Miljøverndepartementet har publisert informasjon om tilskotsordningar for 2013. 


28.11.2012

Strandsona - gratis advokathjelp

Dersom kommunen har behov for hjelp til juridiske spørsmål som gjeld strandsona, kan Direktoratet for naturforvaltning tilby gratis hjelp til dette.