Løyve til utdjuping i sjøen ved Ytre Hauge

Fylkesmannen har gitt Bremanger Båtforening løyve etter ureiningsforskrifta til å mudre i båthamna og å dumpe muddermassane på djupare vatn like utanfor.

Inne i båthamna er djupna på om lag 1 m. Bremanger Båtforening har søkt Fylkesmannen om løyve til å mudre ned til 1,5 m djupne. Utdjupinga vil medverke til å sikre tryggare tilhøve for båtar i hamna. Arbeidet skal gå føre seg frå lekter og omfattar mudring i sjøbotnen og dumping av muddermassar.

For å få ynskt djupne, må det mudrast til saman 300 m3 sediment over eit areal på om lag 600 m2. Muddermassane er planlagt dumpa på djupare vatn like sør for mudrestaden.

Sedimenta er noko ureina med PAH-stoff og tributyltinn (TBT). Fylkesmannen har difor sett vilkår om at det øvste laget skal mudrast først og leggjast nedst i deponiet, og at det deretter skal dekkast til med reine massar. Det er også sett krav om at arbeidet skal utførast ved rolege vind- og bølgjetilhøve og ved minst mogleg tidevasskilnad.

Partane i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage innan fire veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage kan sendast med brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller på e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no