Løyve til drift og mottak av kasserte kjøretøy

Fortun Bensinstasjon AS har fått løyve etter ureiningslova for drift av verkstad og mottak og miljøsanering av kasserte kjøretøy.

Fylkesmannen har gjeve løyve etter ureiningslova for verkstad og årleg mottak av maksimalt 60 kasserte kjøretøy. Det vil vere behov for samstundes lagring av inntil 10 usanerte og 50 sanerte bilvrak. Dei usanerte bilvraka skal lagrast på fast dekke, medan dei sanerte vert lagra i område med grusdekke.

Kasserte bilar vert tekne inn for deleplukking til bruk i eigen verkstad og sal til andre verkstader.

Fortun Bensinstasjon AS har ikkje løyve til utbetaling av vrakpant. Dei transporterer bilvrak til godkjent mottak på Kaupanger.

Partane i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på avgjerda. Fristen for å klage er tre veker. Eventuell klage på løyvet kan sendast til Fylkesmannen på e-post fmsfpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.