Reglar for fiske etter laks og sjøaure i munningssoner

Ønskjer du å fiske etter laks og sjøaure i nærleiken av ein elvemunning, er det fleire reglar du må vite om.

Foto: John Anton Gladsø

I Sogn og Fjordane er det fastsatt munningssoner med spesielle reglar for fiske etter laks og sjøaure. Reglane for fiske i munningssoner er gitt i forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk, Sogn og Fjordane

Frå grensa mellom elv og sjø, og ut til og med 100 m (100 metersona) utanfor lakse- og sjøaurevassdrag er det berre tillate å fiske i den tida vassdraget er ope for fiske. Fisketider for kvar enkelt elv finn du her.

Oversikt over munningssoner i Sogn og Fjordane, med kart over kvar enkelt sone:

Kommune

Vassdrag

Soneforklaring
Koordinatfesting UTM

Storleik
ca. (meter)

Flora Oselva Frå grense elv/sjø ut til utløpet av Osstrupen (fråOsstrupen Sør 306280  6830219 til Osstrupen Nord 306308  6830333).  2500
Høyanger Daleelva Innafor ei line mellom Sæbøneset og utløp av elv frå Mjåtunga (frå 343040   6789800 til 341994  6790007). 500
Vik Vikja  Innafor ei line frå punkt ved Kyrelvi rett over fjorden til eit punkt på vestsida av fjorden (frå 370133  6775581 til 369281  6775551).  600
Balestrand Vetlefjordelvi  Innafor ei line frå eit punkt på nes om lag 200 m nord for Stølsskreda på vestsida av fjorden til eit punkt på austsida om lag 300 m sør for Ramsteinskreda (frå 368688  6797657  til 369450  6797638). 100
Sogndal Årøyelvi  Innafor ei line frå eit punkt ved utløpet av Skoddøla på austsida av fjorden i nordvestleg retning til lite nes ved Sundhella (frå 401754  6792347 til 400751  6793053). 1500
Sogndal Sogndalselvi  Innafor ei line mellom yste nes ved Stedje til eit punkt ved austre side av munninga av Barsnesfjorden (frå 398207  6788962 til 399008  6789996). 700
Sogndal Storelvi (Fjærland) Innafor ei line frå punkt på lite nes ved utløp av elv frå Geitshjellen til eit punkt om lag 100 m nord for Toskeskredene (frå 379570  6810268 til 380349  6810138). 1100
Aurland Nærøydalselvi  Innafor ei line frå eit punkt på Hestaneset på vestsida av fjorden i sydaustleg retning til eit lite nes på austsida av fjorden (frå 383353  6752271 til 383794  6752005). 1000
Aurland Flåmselvi Innafor ei line I nordvestleg retning frå Dorganeset til eit punkt på vestsida av fjorden (frå 399090   6749801 til 398244   6750099). 1500
Aurland Aurlandselvi  Innafor ei line mellom Otnes og Neset (frå 400842   6753434 til 401785  6754689).  1100
Lærdal Lærdalselva Innafor ei line frå punkt ved Flaskheller i nordleg retning over fjorden til punkt ved utløpet av elv frå Timmergjelet (frå 416585  6776366 til 416368  6775608). 1500
Årdal Hæreid/ Utla  Innafor ei line mellom Raudnobbi til et nes ved Kloppurdi (frå 429386   6789389 til 430461  6788533).  750
Luster Fortunselva og Mørkridselvi Innafor ei line frå utløpet av Sagagrovi på vestsida av fjorden i søraustleg retning til eit punkt på austsida av fjorden (frå 423913   6817636  til 425030    6817151). 1600
Fjaler Flekkeelva  Innafor ei line frå eit punkt på nes ved Grottehaugen på vestsida av fjorden i austleg retning til eit punkt på nes på austsida av fjorden (frå 303848  6804636 til 304000  6804650). 2000
Fjaler Dalselva (Dale)  Innafor ei line i nordaustleg retning frå eit lite nes aust for Bjerga til Nishammaren (frå 306474 6808696 til 307669 6809610). 600
Gaular Gaula  Innafor ei line strekt frå nord til sør over munninga av Svædsundet (frå 320426  6809052 til 320454  6808910)  2000 
Førde Jølstra  Innafor ei line frå nes ved Kyrkjeteigen på vestsida av fjorden i nordaustleg retning til trigonometrisk punkt på austsida av fjorden (frå  329425  6819332 til 329876 6819601). 2000
Naustdal Nausta  Innafor ei line frå eit nes ved vegen mot Kringla til Strileverpet (frå 324220  6823317 til 325664 6823193). 600 
Selje Ervikelva  Innafor ei line i nordaustleg retning frå eit punkt på nes ved Hovden til eit punkt på nes på austsida av Ervika (frå 296875   6898776 til 297642  6899180). 500
Eid Eidselva Innafor ei line i nordleg retning frå nes ved Nibba til punkt ytst på nes ved Eide på nordsida av Eidsfjorden (frå 340521 6866719 til 341312  6867960). 1000
Gloppen Gloppenelva  Innafor ei line mellom Arnestad og eit punkt på nes ved Austrheim (frå 350452   6851856 til 351838  6853189). 1600
Gloppen Åelva/ Ommedalselva og Hopselva Innafor ei line i vestleg retning frå nes ved Liafjellet på austsida av Hyefjorden til vestre punkt av 250 m-grensa for Straumselva (frå 337558  6849164 til 337043  6849316 ). 1000
Stryn Loelva  Innafor ei line frå nordre tunnelmunning ved Tyvaneset i nordleg retning til punkt på nordsida av Lobukta (frå 385586  6861375 til 385597  6862158). 1100
Stryn Stryneelva  Innafor ei line frå eit punkt om lag 700 m nord for Staveneset på austsida av Strynebukta til eit punkt på ved Nedreberg på vestsida (frå 378639  6864115 til 379484  6863942). 1600 
Stryn Oldenelva  Innafor ei line i austleg retning frå utløp av elv frå Indre Skarstein på vestsida av Oldebukta til utløp av elv på austsida (frå 384135  6858978 til 384884  6858981). 1100