Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fiskereglar i Sogn og Fjordane


Fylkesmannen har ansvar for å forvalte anadrome laksefisk (laks og sjøaure), innlandsfisk i regulerte vassdrag, samt sårbare eller truga bestandar som til dømes storaure.

Publisert 29.04.2013

Det er Miljødirektoratet som fastset forskrifter om fiske etter laks og sjøaure i vassdrag og i sjøen. Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje truga bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fritidsfiske i sjø etter marine artar er det Fiskeridirektoratet som han ansvar for. Statens naturoppsyn (SNO) fører oppsyn med fiske, og kan kontaktast ved ulovleg fiske etter laks og sjøaure.

Fiske etter laks og sjøaure i vassdrag

Fiske i sjøen

Innlandsfiske

Lover og forskrifter

Fiske etter laks og sjøaure i vassdrag

Du må ha løyve frå fiskerettshavar (fiskekort) for å kunne fiske etter laks og sjøaure i vassdrag, og alle over 18 år må betale statleg fiskaravgift. Avgifta kan betalast på Miljødirektoratet.no

Fiske i Spheimsvassdraget

Kvar kan eg fiske etter laks eller sjøaure?
Laks og sjøaure er freda gjennom lov om laksefisk og innlandsfisk, men det er opna for fiske i vassdrag der bestandane har eit overskot av fisk. I forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag er det definert fisketid og eventuelle særreglar for kvar enkelt elv. Forskrifta gjeld alle vassdrag med anadrome laksefisk, og omfattar hovudelv, sideelvar og innsjøar så langt opp som anadrome laksefisk førekjem. I vassdrag som ikkje er nemnt i forskrifta, er det ikkje tillate å fiske etter anadrome laksefisk. Ut over dette kan det vere lokale reglar som ytterlegare avgrensar fisket. Forskrifta med fisketider finn du her.

Kva utstyr kan eg fiske med etter laks og sjøaure? 

  • Fiske frå land er berre tillate med ei stong eller eitt handsnøre per person. Det er tillate med inntil to agn per stang eller handsnøre.
  • Fiske frå båt er tillate med inntil to reiskapar (stong eller handsnøre) per båt. Det er berre tillate med eitt agn per stang eller handsnøre.
  • Som agn er det tillate å bruke makk, sluk, spinnar, wobblar og fluge. Det kan i tillegg vere lokale reglar som avgrensar kva som er lov å nytte som agn.

Det er forbode å bruke stong eller handsnøre på ein slik måte at fisken truleg vil krøkast. Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vera større enn 13 mm, og for enkeltkrokar ikkje større enn 15 mm. Stang og handsnøre skal ikkje forlatast under fisket. Det er ikkje tillate å fiske med garn eller oter etter anadrome laksefisk. Meir informasjon om fiskereiskapar etter laks og sjøaure kan du finne i Forskrift om oppgaveplikt og om redskaper som er tillatt nytta ved fiske etter anadrome laksefisk.

Det gjeld eigne reglar for fiske etter innlandsfisk i innsjøar med laks og sjøaure jf. forskrift om Forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk, Sogn og Fjordane.

Kva kan eg ikkje fiske?
Minstemålet for laks og sjøaure er 35 cm. Det vil sei at det er forbode å avlive laks eller sjøaure som er mindre enn 35 cm. Fisk under minstemålet skal setjast ut att så skånsamt som mogleg.

Det er ikkje lov å fiske vinterstøing (utgytt laks og sjøaure som har overvintra i ferskvatn og som vandrar ut att til sjøen om våren). Fanga vinterstøing skal setjast ut att på ein skånsam måte.

Det er forbode å fiske etter ål, som er ein sterkt truga art i Norge (Norsk raudliste). Dette forbodet gjeld også yrkesfiskarar.

Fiske i sjøen

Fylkesmannen og Miljødirektoratet har ansvar for regelverket for fiske etter laks og sjøaure i vassdrag og i sjø, medan fiskeridirektoratet har ansvar for fritidsfiske i sjø etter marine artar.

Fiske med stong
Fiske etter laks og sjøaure i sjøen med stong og handsnøre frå både land og båt er tillate heile året. Det er lov å bruke inntil to snører eller stenger per båt.

Ver obs på at det frå grensa mellom elv og sjø, og ut til og med 100 m (100 metersona) utanfor lakse- og sjøaurevassdrag er nokre avgrensingar i kva som er tillate:

  • I 100 metersona kan du berre fiske frå land i den tillate fisketida for laks og sjøaure i det enkelte vassdraget. Du treng ikkje kjøpe fiskekort for å fiske i 100 meter-sona etter laks og sjøaure i fisketida.
  • Fisketidene for kvart enkelt vassdrag finn du her.
  • Det er ikkje tillat å dorge (frå båt i fart) i 100 meter-sona, men det kan fiskast med handsnøre (frå stilleståande båt) etter marin fisk.

Dei største lakse- og sjøaureelvene i fylket har i tillegg ei utvida munningssone med avgrensingar i fisket. I desse sonene er det berre lov å fiske etter laks og sjøaure med stong frå land i den tida vassdraget er ope for sjøaurefiske i det aktuelle vassdraget. I munningssoner som omfattar fleire vassdrag følgjer fisketida reguleringane for sjøaure i det strengast regulerte vassdraget. Sjå § 2 i Forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen.

Skilt for munningssone

Kart over dei utvida munningssonene i Sogn og Fjordane finn du her

Fiske med fastståande reiskap etter laks og sjøaure
Fiske etter laks og sjøaure med kilenot, lakseverp, krokgarn eller settegarn (med fellesnamnet fastståande reiskap) krev at du har fiskerett, at du registrerer deg for fiske hos Fylkesmannen og at du betalar statleg fiskaravgift. Grunneigar ved sjøen har fiskerett, men det er mogleg å leige ein slik rett.

  • Fiske med kilenot og lakseverp er lov å nytte i den ordinære og den utvida fiskesesongen.
  • Fiske med krokgarn og settegarn etter laks og sjøaure er berre tillate i den utvida sesongen (etter den ordinære sesongen). Den utvida sesongen har som hensikt å fange rømt oppdrettsfisk.
  • Alt anna garnfiske etter laks eller sjøaure enn dette registrerte fisket er forbode.

Det er viktig å merkje seg at det er enkelte soner, spesielt inst i fjordane, der det er forbode mot fiske etter laks og sjøaure med fastståande reiskap, og at det er ulike fisketider rundt omkring i fylket. All nødvendig informasjon om fisketider, fiskereglar og registrering finn du i Lakseregisteret - Sjølaksefiske.

Fiske etter marin fisk (saltvassfisk) med garn (settegarn, trollgarn) eller line m.m. blir forvalta av Fiskeridirektoratet, som bestemmer regelverket for fiske i sjøen etter alle artar utanom laks og sjøaure.

Når det gjeld fiske med garn i sjøen er det viktig å merkje seg at:

  • Alle garn må i perioden 1. mars – 30. september senkast ned slik at heile fangstdelen til ei kvar tid står minst 3 meter under havoverflata. Bakgrunnen for nedsenkinga av garn er å unngå fangst av laks og sjøaure.
  • Alle garn må stå minst 100 m frå elvar som fører laks eller sjøaure. Dei største lakse- og sjøaureelvene i fylket har i tillegg ei utvida munningssone med avgrensingar i fisket. I dei utvida munningssonene skal alle garn seinkast ned slik at heile fangstdelen til ei kvar tid står minst 3 meter under havoverflata. Dette gjeld heile året. Desse sonene er koordinatfesta i forskrifta og skal vere merkt med skilt.

All anna informasjon om fritidsfiske etter marinfisk (saltvassfisk) vil du finne hos Fiskeridirektoratet.

Innlandsfiske

Fiske etter innlandsfisk blir regulert av fiskerettshavarane (oftast grunneigar) gjennom lokale fiskereglar. Dette gjeld både stongfiske, oterfiske og garnfiske. Du må ha fiskekort eller anna løyve frå grunneigar for å kunne fiske. Barn som enno ikkje er fylt 16 år kan fiske gratis. Dersom du ikkje finn informasjon om fiskereglar og kor du kan kjøpe fiskekort, kan du ta kontakt med grunneigar der du ønskjer å fiske.

Innlandsfiske med garn

Det er to unntak frå den generelle regelen om lokal forvaltning av innlandsfisket i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen har fastsett eigne fiskereglar for fisket i Jølstravatnet og for fiske etter innlandsfisk i innsjøar med laks og sjøaure.

I innsjøar med laks og sjøaure er det tillate å fiske innlandsfisk med stong heile året, men berre i ein avstand på minst 100 m frå lakse- og sjøaureførande elveos eller kanal i den tida det ikkje er opna for fiske etter laks og sjøaure. Garnfiske etter innlandsfisk i desse innsjøane er tillate med botngarn med største maskevidde på 31 mm (20 omfar) i tidsrommet 15. mai-31. august. I innsjøar med røye er det også tillate å fiske med garn med største maskevidd 31 mm seinka ned til minst 10 m djupne i tidsrommet 1. september-15. desember. Garna skal stå på botnen og med alle flytarar under vatn, og minst 100 m frå lakse- og sjøaureførande elveos eller kanal. Garnfiske er ikkje tillate i sund eller delar av innsjøar der breidda er mindre enn 100 m.

Det er fastsett særreglar for garnfiske og/eller oterfiske etter innlandsfisk i Østerbøvassdraget (Høyanger kommune), Flekke-/Guddalsvassdraget (Fjaler kommune), Osenvassdraget (Flora og Gloppen kommunar), Hornindalsvatnet (Eid og Hornindal kommunar), Strynevassdraget (Stryn kommune) og Dalsbøvatnet (Selje kommune).

Vassbygdvatnet (Aurland kommune), Årdalsvatnet (Årdal kommune), og Eidsvatnet (Luster kommune) følgjer dei reglane som gjeld fiske etter laks og sjøaure i dei tilhøyrande laksevassdraga.

Lover og forskrifter

Lov om laksefisk og innlandsfisk mv. (lakse- og innlandsfiskloven)

Sentrale forskrifter etter lakse- og innlandsfisklova

Forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag

Forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen

Sentrale forskrifter etter lakse- og innlandsfisklova

Lokale forskrifter etter lakse- og innlandsfisklova:

Forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk, Sogn og Fjordane

Fisket i Jølstravatnet, Jølster kommune, Sogn og Fjordane