Fiskeforvaltning

Smålaks (parr). (Foto: Tore Larsen)
Smålaks (parr). (Foto: Tore Larsen)

Fylkesmannen har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Fylkesmannen samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Fylkesmannen har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir

Fisk er ei artsrik gruppe, med 29 300 kjente artar i verda og 289 i Noreg. På verdsbasis er det neste like mange fiskeartar i ferskvatn som i saltvatn, men hos oss finst artsmangfaldet særleg i havet. Berre 42 norske fiskeartar er knytte til ferskvatn, og i Sogn og Fjordane finst berre ein handfull. Ferskvatn på Vestlandet er ein svært artsfattig naturtype når det gjeld fisk, noko som skuldast at det har vore avgrensa tid til innvandring austfrå etter siste istid. 


24.06.2018

Storsatsing for laksen i Osenvassdraget

Arbeidet med å styrke laksebestanden i Osenvassdraget er godt i gang. Målet er å utbedre tilhøva for laksen, som vil gjere stamma meir robust og i sin tur betre sportsfiske.


20.04.2018

Sjøaurefiske i sjøen

Om våren er det fint å fiske etter sjøaure i sjøen. Vil du prøve fiskestonga, må du kjenne til fiskereglane.


12.04.2018

Nye fiskereglar

Med bakgrunn i den dårlege tilstanden for sjøaure i Sogn og Fjordane har Fylkesmannen vedteke nye reglar for fiske i og utanfor vassdrag med laks og/eller sjøaure i Sogn og Fjordane.


18.01.2018

Låge fangstar

Fangsten av sjøaure i elvane i Sogn og Fjordane i 2017 var historisk låge, medan elvefangsten av laks var på tidlegare nivå.


21.12.2017

Høyring av ny fiskeforskrift

Fylkesmannen har føreslege nye reglar for fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk.


07.11.2017

Presentasjonar

Sjå presentasjonar frå seminaret ved friskemeldingsarrangementet for Lærdalselvi.


31.10.2017

Lærdalselvi er friskmeld!

Mattilsynet friskmelder Lærdalselvi etter at dei siste prøvene viser at lakseyngelen i elva er fri for parasitten Gyrodactylus salaris.


03.03.2017

Husk nedsenkingspåbodet!

Skal du fiske med garn i sjøen må du huske nedsenkingspåbodet i perioden 1. mars til 30. september.


06.01.2017

Framleis nedgang i fangst av sjøaure

Fangsten av sjøaure i elvane i Sogn og Fjordane i 2016 var dei lågaste sidan rapporteringa av sjøaure starta i 1969. Laksefangsten i elvane er på nivå med dei siste åra.


25.04.2016

Gjenutsetting av laks

I mange elvar har det vorte vanleg at laks som vert fiska vert sett tilbake i elva. Ein brosjyre basert på ny forsking viser kva som påverkar overleving og åtferd hos laks etter gjenutsetting.


Fleire nyhende