Løyve til avfallshandtering etter ureiningslova

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt Fjellkårstad Rammeverkstad løyve til handtering av avfall etter ureiningslova. 

Verksemda er etablert på gards- og bruksnummer 150/85 i Stryn Miljøpark i Stryn kommune.

Handteringa omfattar mottak, sortering, behandling og lagring av nærare oppgitte avfallstypar. Aktiviteten kan verke skjemmande ved innsyn, og kan føre til utslepp til miljøet. Løyvet er gitt med nærare vilkår som verksemda må stette.

Partane i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på løyvet eller vilkår i løyvet innan tre veker frå i dag. Grunngjeven klage må sendast til Fylkesmannen på e-post fmsfpost@fylkesmannen.no, eller Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.