Farleg avfall-anlegg vert kontrollert

Vindauge med PCB. Fotograf: Fylkesmannen
Vindauge med PCB. Fotograf: Fylkesmannen

Fylkesmannen kontrollerar anlegg som har mottak og mellomlagring av farleg avfall no i vinter. Kontrollane er ein del av ein landsomfattande aksjon koordinert av Miljødirektoratet.

Hovudmålet for aksjonen er å kontrollere om anlegg for mottak og mellomlagring av farleg avfall følgjer krav frå myndigheitene og miljøregelverket, og om verksemdene handterar farleg avfall forsvarleg.

Meir informasjon om tilsynsaksjonen finn ein på heimesidene til Miljødirektoratet.

Kontaktpersonar