Avfall og gjenvinning

Bilvrak. (Foto: Miljøvernavdelinga)
Bilvrak. (Foto: Miljøvernavdelinga)

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Fylkesmannen kan gi løyve

Fylkesmannen er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Fylkesmannen gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Fylkesmannen skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Fylkesmannen kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir

I mange år har avfallsmengda i landet auka. Dette gjeld også for Sogn og Fjordane, men i 2009 såg vi for første gong ein liten nedgang i avfallsmengda frå hushaldningane i fylket.


28.08.2018

Endra løyve til Vartdal Gjenvinning AS i Florø

Fylkesmannen har gitt Vartdal GjenvinningAS løyve til mottak og miljøsanering av fritidsbåtar, mottak av blybatteri og større mengder metallskrap enn i dag.


24.08.2018

Mange anlegg for farleg avfall bryter miljøreglane

Ein landsomfattande tilsynsaksjon av anlegg som mottek og mellomlagrar farleg avfall avdekka at ni av ti ikkje følgjer miljøregelverket. Det er avdekka mange brot på handteringa og lagringa av farleg avfall, men det er forbetringar frå tidlegare aksjonar.


04.07.2018

Endra løyve for SAR AS sine anlegg i Florø

Fylkesmannen har gjort nokre mindre endringar i løyva for SAR AS, avd. Florø sine avfallsanlegg på Botnastranda og på Fjordbase


28.06.2018

Endra løyve til avfallshandtering i Hesjedalen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt Sunnfjord Miljøverk iks endra løyve til handtering av avfall på Hesjedalen avfallsplass i Førde kommune.


16.05.2018

Korleis kan verksemder hindre plastforsøpling?

Miljødirektoratet har laga eit faktaark om kva verksemder kan gjere for å redusere marin forsøpling og mikroplast. På Fylkesmannens tilsyn med forureining er plastforsøpling no fast tema.


03.05.2018

Kvifor skal avfall leverast og ikkje brennast heime?

Brenning av ulike typar avfall kan føre til danning av giftige gassar, som kan gje helseskade og vere ureinande i miljøet.


09.04.2018

Desse får midlar til å rydde opp i marin forsøpling

Miljødirektoratet har fordelt 80 millionar til tiltak mot marin forsøpling.


13.02.2018

Farleg avfall-anlegg vert kontrollert

Fylkesmannen kontrollerar anlegg som har mottak og mellomlagring av farleg avfall no i vinter. Kontrollane er ein del av ein landsomfattande aksjon koordinert av Miljødirektoratet.


12.01.2018

Løyve til avfallshandtering etter ureiningslova

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt Fjellkårstad Rammeverkstad løyve til handtering av avfall etter ureiningslova. 


03.01.2018

Vrakpant på andre køyrety

I 2018 får du vrakpant for motorsyklar, mopedar, lastebilar, bubilar og campingvogner. Biloppsamlarar får driftstøtte for å motta desse køyretya.


Fleire nyhende