Løyve til akvakulturproduksjon ved Veiesund

Steinvik Fiskefarm AS har fått nytt uttsleppsløyve for matfiskanlegg med laksefisk ved Veiesund i Flora kommune.

Akvakulturanlegget ved Veiesund har hatt mellombels løyve tidlegare. Fylkesmannen har no gjeve permanent løyve etter ureiningslova for eit matfiskanlegg med inntil 3900 tonn MTB (maksimal tillaten biomasse). Løyvet etter ureiningslova er berre gyldig saman med eit løyve etter akvakulturlova, som vert avgjort av fylkeskommunen.

Konfliktnivået mellom akvakultur og omsynet til naturmiljø og friluftsliv i området er høgt, spesielt når det gjeld omsynet til vill laksefisk. Fylkesmannen har difor i vår fråsegn til fylkeskommunen rådd i frå at det vert gjeve løyve til vidare drift med laksefisk på lokaliteten.

Partane i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på avgjerda. Fristen for å klage er tre veker.

Eventuell klage på løyvet som Fylkesmannen har gjeve, kan sendast til Fylkesmannen på e-post fmsfpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.