Akvakultur

Oppdrettsanlegg. (Foto: Gunn Helen Henne)
Oppdrettsanlegg. (Foto: Gunn Helen Henne)

Havbruksnæringen produserer trygg, sunn og god sjømat, og skaper viktige arbeidsplassar og verdiar. Noreg har oppdrett av laks, regnbogeaure og andre artar langs hele kysten og på innlandet. Langsiktig vekst i næringa er avhengig av at belastninga på miljøet vert halden innanfor akseptable rammer. 

Fylkesmannens oppdrag er å vurdere om oppdrettsanlegget kan komme i konflikt med regionale og nasjonale interesser. Konfliktar knytt til friluftsliv, naturvern, vilt og fiskeinteresser står sentralt i Fylkesmannens vurdering. Eit vilkår for å få løyve til å drive fiskeoppdrett, er at det også blir gitt utsleppsløyve etter forureiningslova. Det er Fylkesmannen som gir slike utsleppsløyve. Det blir også stilt krav til avfallshandtering og kjemikaliebruk.

Fylkeskommunen har tildelingsmyndigheten og koordineringsansvaret for søknader om akvakulturløyve. Fylkeskommunen tek den endelege avgjerda, og gir løyve til å drive fiskeoppdrett.

Vis meir

Sogn og Fjordane er eit viktig oppdrettsfylke med nesten ein tidel av opprettskonsesjonane i Noreg. Oppdrett har betydelege utslepp av organisk materiale og næringsstoffa fosfor og nitrogen. Likevel er miljøtilstanden i sjøområda ikkje generelt dårlege. Det er lite kunnskap om miljøverknader av legemiddel og andre kjemikalieutslepp.


16.08.2018

Løyve til akvakulturproduksjon ved Endal Vest

K. Strømmen Lakseoppdrett AS har fått utsleppsløyve for etablering av eit matfiskanlegg med laksefisk på ein ny lokalitet i Bremanger kommune.


26.06.2018

Løyve til akvakulturproduksjon ved Skreda

Erko Seafood AS har fått utsleppsløyve for etablering av eit matfiskanlegg med laksefisk på ein ny lokalitet i Solund kommune.


10.07.2018

Løyve til integrert oppdrett ved Kvernhusvika

Sulefisk AS har fått nytt utsleppsløyve for integrert akvakulturproduksjon av matfisk og tare ved Kvernhusvika i Solund kommune.


13.04.2018

Løyve til akvakulturproduksjon ved Veiesund

Steinvik Fiskefarm AS har fått nytt uttsleppsløyve for matfiskanlegg med laksefisk ved Veiesund i Flora kommune.


06.03.2018

Ni nye eller endra utsleppsløyve for akvakulturanlegg

Fylkesmannen har gjeve nye løyve etter ureiningslova til åtte oppdrettsanlegg som har søkt om nye eller utvida utsleppsløyve for akvakulturverksemd i sjø eller på land. Eitt løyve til oppdrettsproduksjon på land har blitt endra når det gjeld fristen for reinsing av utsleppa frå produksjonen.


20.02.2018

Løyve til akvakulturproduksjon ved Isane

Nordfjord Forsøksstasjon AS har fått nytt utsleppsløyve for akvakulturproduksjon med laksefisk til forskings- og utviklingsføremål ved Isane i Bremanger kommune.


21.02.2018

Løyve til akvakulturproduksjon ved Bakjestranda

Nordfjord Forsøksstasjon AS har fått nytt utsleppsløyve for akvakulturproduksjon med laksefisk til forskings- og utviklingsføremål ved Bakjestranda i Bremanger kommune.


20.02.2018

Løyve til akvakulturproduksjon ved Hardbakkeneset

Firda Sjøfarmer AS har fått utsleppsløyve for etablering av akvakulturproduksjon med laksefisk ved ein ny lokalitet i Gulen kommune.


13.12.2017

Miljøseminar 2018

Vi har i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fiskeridirektoratet region Vest og Sjømat Norge gleda av å invitere til miljøseminar i Florø 8. og 9. februar 2018.


03.11.2017

Løyve til utvida akvakulturproduksjon ved Rundreimstranda i Selje

Marine Harvest Norway AS har fått utvida utsleppsløyve for akvakulturproduksjon med laksefisk ved Rundreimstranda i Selje kommune.


Fleire nyhende