Miljø og klima

Esefjorden i Balestrand. (Foto: Tore Larsen)
Esefjorden i Balestrand. (Foto: Tore Larsen)

Eit overordna mål for alt miljøarbeid er berekraftig utvikling. Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Fylkesmannen skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir

I Sogn og Fjordane er det særlege miljøutfordringar m.a. innan utbygging av vasskraft, lakseoppdrett, forvaltning av verneområde og andre urørte område, og ivaretaking av viktige naturtypar og artar.


18.10.2018

No kan du søke om rovvilterstatning

Det elektroniske søknadssenteret for rovvilterstatning er opna og søknader skal sendast inn her innan 1. november.


12.10.2018

Tilsyn med næringsmiddelverksemder

Fylkesmannen skal i haust føre tilsyn med slakteri og verksemder som foredlar fisk. Vi skal kontrollere om bransjen tar ansvar for å hindre forureining.


02.10.2018

Utviding av Flostranda naturreservat

Fylkesmannen har sendt eit framlegg om utviding av Flostranda naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern på høyring.


02.10.2018

Korleis står det til med klimaarbeidet i din kommune?

Vi vil minne om klimasamlinga 5. og 6. desember i Haugesund. Målet er å gjere kommunane betre til å redusere klimagassutslepp. Påmeldingsfristen er 10. oktober.


21.09.2018

BKK Nett AS - søknad om løyve til mudring, sprenging og utfylling i sjø ved Iledalsvågen

BKK Nett AS søkjer om løyve etter ureiningsregelverket til mudring, sprenging og utfylling i sjø i Iledalsvågen


19.09.2018

Korleis enda vasskraftsakene?

Vassdragsnaturen i fylket har vore under sterkt press dei siste åra. Ordninga med grøne sertifikat for nye kraftverk har bidrege til mange søknader om utbygging. Det er no fatta vedtak i 107 utbyggingar som Fylkesmannen hadde til vurdering i perioden 2013-2017.


06.09.2018

Retura Nomil AS har fått endra løyve

Endringa gjeld mottak av meir avfall ved anlegget på Eidsmona i Gloppen kommune. 


06.09.2018

Lisensjakt på jerv og ulv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1, i tillegg til tre ulvar.


05.09.2018

Invitasjon til klimasamling for kommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane

Samlinga er 5. og 6. desember i Haugesund. Formålet med samlinga er å hjelpe kommunane i arbeidet med å redusere klimagassutslepp.


04.09.2018

Tilskot til oppryddingstiltak i ureina grunn og sjøbotn for 2019

Miljødirektoratet forvaltar midlar til oppryddingstiltak i ureina grunn og sjøbotn.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel