Produksjonstilskot i landbruket

Produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid er ein fellesnemnar på fleire tilskotordningar som føretak med landbruksproduksjon kan søke på. For å ha rett på tilskot må føretaket vere registrert i Brønnøysundregisteret med eige organisasjonsnummer og drive vanlig jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedommar.

Det er to teljedatoar og to søknadsfristar i året,

  • Søknadsfrist 15. mars med teljedato 1. mars
  • Søknadsfrist 15. oktober med teljedato 1.oktober

Det er berre ei utbetaling i året basert på dei to søknadane, og den vert i februar året etter søknad.

Søknad må leverast elektronisk.

Søkjar er ansvarleg for at opplysningane på søknadsskjema er rette. Føretaket må disponere dyra og areala det søker tilskot for. Avvik mellom søknadstala og dei reelle tala kan medføre at deler eller heile tilskotet blir avkorta. Årleg vert 10 prosent av dei som søkjer tilskot kontrollerte, og grove feil vil kunne bli oppfatta som forsøk på svindel.

Meir informasjon og regelverket for «Produksjonstilskudd og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid» finn de på heimesida til Landbruksdirektoratet eller ta kontakt med kommunen.

05.01.2017

Nytt system for produksjonstilskot - tre søknadsfristar i 2017

I 2017 vert det innført eit nytt system for søknad og handsaming av produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Derfor vert det i overgangsåret 2017 tre teljedatoar og tre søknadsfristar. Les meir


13.01.2016

Tid for å søkje om produksjonstilskot

Fristen for å søkje om produksjonstilskot er onsdag 20. januar. Ver tidleg ute og hugs å få med alle opplysningar og rette tal på søknaden. Etterregistrering av opplysningar blir rekna som ny søknad og det vert trekt 1 000 kr per dag etter søknadsfristen. Les meir


09.12.2015

Endra krav til retting i søknad om produksjonstilskot

Dersom du har gløymt opplysningar og vil rette søknaden etter søknadsfristen, vil utbetalt tilskot bli redusert. Det løner seg difor å starte med søknaden tidleg og vere nøyaktig. Les meir.


19.02.2015

Meld frå om driftsfellesskap i jordbruket innan 1. mars

Føretak som er i driftsfellesskap kan innan 1. mars melde frå om dette til kommunen utan at det påverkar tilskotet tilbake i tid. Vi oppmodar difor føretak om å vurdere si eiga drift no. 


16.01.2015

Amnesti for ulovleg driftsfellesskap

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett forskrift om tidsbegrensa bortfall av konsekvenser som følge av driftsfellesskap i jordbruket.


05.01.2015

Nytt regelverk om produksjonstilskot og avløysartilskot

Ny forskrift om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid vart fastsett 19. desember 2014 og vart sett i verk frå 01.01.2015. Dette medfører ein del endringar som det er viktig å vere klar over.