Avløysing under sjukdom/fødsel m.m.

Formålet med refusjonen er å dekkje opp ekstra kostnader til bonden i tilknyting til sjukdom og/eller fødsel. Sjukdom må dokumenterast gjennom sjukemelding, men ikkje dei første tre dagane om det vert brukt landbruksvikar.

Det kan søkjast gjennom heile året, men seinast innan 3 månader etter at sjukeperiode er over. Ordninga er ei refusjonsordning der kostnadene må dokumenterast. Dokumentasjonskravet gjeld for alle selskapsformer.

Avløysing enten gjennom avløysarlag, landbruksvikar eller tilsett i eigen regi med innbetaling av arbeidsgivaravgift er godkjent for refusjon. Avløysar kan ikkje ha næringsinntekt frå føretaket han avløyser i, og refusjon frå NAV går til frådrag i dagsatsen.

Frå og med 15. august 2018 er det mogleg å søkja om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. elektronisk.

Detaljar om regelverk og søknadsskjema (Landbruksdirektoratet)

Kommunen er førsteinstans for ordninga og eventuelle spørsmål kan rettast dit.