Tilskot innan jordbruk og skogbruk

Fylkesmannen har oppgåver knytte til forvaltning av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Innan jordbruk er dei viktigaste ordningane produksjonstilskot, avløysartilskot og regionale miljøtilskot. Innan skogbruk er tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blant dei største tilskotsordningane.

Det er kommunane som er førsteinstans for dei fleste tilskotsordningane. Kommunane informerer brukarane, behandlar søknader og gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruka. Fylkesmannen er koordinator og rådgivar overfor kommunane.

Fylkesmannen rettleier kommunane om tilskotsordningane og er klageinstans for kommunens vedtak. Fylkesmannen gir eventuelle dispensasjonar, og då er det Landbruksdirektoratet som er klageinstans. Fylkesmannen skal dessutan gjennomføre forvaltningskontrollar hos kommunane og føretakskontrollar på enkeltbruk. Det blir utarbeidd ein plan for denne kontrollverksemda kvart år.

Fylkesmannen forvaltar tilskot til næringsutvikling innan landbrukssektoren mellom anna med midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UT-midlar).

Vis meir

Saksbehandlingstida er maks 4 veker på klagesaker innan produksjonstilskot og avløysartilskot.


10.10.2018

Ny frist for søknad om produksjonstilskot

Fristen for å søke produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket er endra. No er det opna for å sende inn søknad for dei som var for seine i mars 2018. Dette har vore ein absolutt frist slik at dei som søkte for seint ikkje fekk tilskot.


01.10.2018

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2018

Nytt av året er at reglane for tilskot til skjøtsel av bratt areal er endra. Alle føretak som disponerer fulldyrka og overflatedyrka jord med ei helling på 1:5 eller brattare kan søke på alt bratt areal som dei slår og haustar som fôr. Førebels tilskot til stølsdrift er auka til kr 50 000 per støl. Søknadsfristen er 15.oktober. Les meir


27.09.2018

Søk om produksjonstilskot og avløysartilskot frå 1. oktober

Frå 1. oktober kan du levere del 2 av søknad om produksjons- og avløysartilskot. Søknadsfristen er 15. oktober - ver ute i god tid, for fristen er absolutt.


21.08.2018

Elektronisk søknad om tilskot for avløysing ved sjukdom og fødsel m.m.

Frå og med 15. august 2018 er det mogleg å søkja om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. elektronisk.


06.06.2018

Endra reglar for tilskot til slått av bratt areal

Faglaga i landbruket og fylkesmannen er samde om å utvida ordninga med tilskot til slått av bratt areal. Tidlegare avgrensing på minst 20% bratt areal av slåttearealet er no tatt vekk, men det er krav om at arealet skal haustast og at graset skal nyttast som fôr.


02.03.2018

Søk om produksjonstilskot innan 15. mars

Søknadsfristen for del 1 av søknaden er 15. mars, teljedatoen er 1. mars. Fristen er absolutt, det er ikkje mogleg å levere søknad etter fristen. Har du levert søknaden innan fristen, kan du gå inn og endre opplysningar i søknaden innan 29. mars.


28.09.2017

Mister tilskot dersom avlinga av frukt og bær er svært låg

Føretak kan miste areal- og kulturlandskapstilskotet når dei haustar altfor små avlingar i kg per dekar.


03.05.2017

Søk om produksjontilskot innan 15. mai

I år vert det innført nytt system for søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid, og det er nye teljedatoar og nye søknadsfristar. Føretak som har husdyrproduksjon kan søke om tilskot i mai.


05.01.2017

Nytt system for produksjonstilskot

I 2017 vert det innført eit nytt system for søknad og handsaming av produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Derfor vert det i overgangsåret 2017 tre teljedatoar og tre søknadsfristar.


30.12.2016

Tilskot til tiltak i beiteområde 2017

Beitelaga kan søkje om investeringsmidlar til fellestiltak i utmark som skal betre beitebruken. Søknadsfristen er 1. februar 2017. Les meir


Fleire nyhende