Skogbruk

Fylkesmannens oppgåver innanfor skogbruk er knytte til den langsiktige forvaltninga av skog som ressurs for lønnsam næringsverksemd. I samarbeid med andre aktørar er Fylkesmannen også engasjert i arbeidet for større verdiskaping basert på trevirke som råstoff.

Fylkesmannen skal vere ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi. Det er også eit viktig mål å medverke til at vi har ein infrastruktur som kan sikre ein effektiv og lønnsam hogst, samtidig som næringa tek omsyn til miljøet.

Fylkesmannen gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.

Vis meir

Avverkinga i fylket har dei siste åra auka jamnt og var i 2014 heile 180 000 kubikkmeter. Marknadstilhøva gjer at det er vanskeleg å få avsetnad på furua, og grana utgjer difor 90 prosent av det avverka volumet. Avverkingsnivået er om lag i tråd med Landsskogtakseringas prognoser. På bakgrunn av dei, kan vi og forvente ei ytterlegare auke av granavverkinga i komande tiårsperiode.


09.03.2018

Godt med tilskotsmidlar til skogsvegar i 2018

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er tildelt ei ramme på 9 millionar kronar for 2018 til skogsvegar og drift med taubane og hest.


28.11.2017

Oppfølging av vilkår om nyplanting etter hogst

Skogeigar skal sørgje for tilfredstillande forynging etter hogst. Nødvendig tiltak for å leggje til rette for forynging skal setjast i verk innan 3 år etter at hogsten er skjedd.


23.10.2017

Skogdag i Førde og Fjaler

Det blir arrangert skogdag om korleis plantefeltet kan bli til god forteneste 3. november i Førde og 9. november i Fjaler.


05.10.2017

Bruk av tre i moderne bygg

Dette er tema på fagsamling tysdag 24. oktober i Loen. Påmelding innan 10. oktober.


19.09.2017

Tilskot til beiterydding

Beiterydding og utsiktsrydding kan vere det same. Har du eit beite langs ein veg som du skulle ha rydda litt i? Eller har du eit areal langs ein veg som du kunne tenkja deg å etablera beite på? Då bør du søka om tilskot til utsiktsrydding. Les meir


20.07.2017

Juletre + sau = sant

På Smilden i Hyllestad dyrker Edgar Hatlem tusenvis av juletre med gode hjelparar på fire bein.


14.03.2017

9,2 millionar til utsiktsrydding

Sogn og Fjordane har fått tildelt vel 9,2 mill kr som skal nyttast til utsiktsrydding i 2017. Det er ein rekord-stor pott, og vi ynskjer oss mange og gode søknadar. Søknadane vil bli handsama fortløpande. Det er ingen søknadsfrist. Les meir.


08.03.2017

Forynging av skog er klimatiltak og verdiskaping

Skogeigarar kan søkje om tilskudd til tettare planting som klimatiltak. Nytt av året er ekstra tilskot til suppleringsplanting.


22.02.2017

Fagdag og årsmøte i skognæringsforum 2017

Sogn og Fjordane Skognæringsforum inviterer aktørar i skog- og trenæringa, landbruksorganisasjonane og kommunane til årsmøte og fagdag på Thon Hotell Skei fredag 24. mars. 


22.11.2016

Internasjonal blest om fylkesskogmeisteren

Fylkesskogmeister Merete Larsmon er hovudpersonen i ein TV-dokumentar produsert for tysk og fransk fjernsyn. Filmen tek for seg norsk skogbruk med kvinnelege skogeigarar som vertskap.


Fleire nyhende