Økologisk landbruk

I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, fordi erfaringar frå økologiske driftsformer blir overførte til det det konvensjonelle jordbruket.

I økologisk landbruk er målet å bruke dei lokale og fornybare ressursane på kvart gardsbruk og å bevare og forvalte det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet. Det blir til dømes ikkje nytta kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, og regelverket avgrensar kor mange dyr som kan haldast på eit bestemt areal. Økologisk landbruk bidreg dessutan til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkta dei ønskjer. Debio godkjenner og fører kontroll med den økologiske landbruksproduksjonen. 

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmennene har ansvar for å støtte utviklinga av økologisk landbruk gjennom forvaltning av tilskot til utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Dette er midlar som kan løyvast til organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan.

Fylkesmannen skal medverke til auka økologisk matproduksjon, og seks føregangsfylke har fått eit særskilt ansvar for å medverke til økologisk produksjon og omsetning av norske økologiske produkt.

Dei seks føregangsfylka har følgjande satsingsområde:

  • Økologisk korn - Oppland
  • Levande matjord - Buskerud
  • Økologisk mjølk - Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag
  • Økologiske grønnsaker og poteter - Vestfold
  • Økologisk frukt og bær - Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Økologisk mat i storhushaldningar – Oslo og Akershus og Østfold

Vis meir

I 2010 vart dei to tradisjonelle frukt-og bær fylka, Sogn og Fjordane og Hordaland, føregangsfylke for økologisk frukt og bær. Prosjektet skal spreie erfaringar og informasjon om produksjon og omsetnad av økologisk frukt og bær i heile landet. Prosjektleiar er Frøydis Lindén og ho har kontorstad hos Fylkesmannen i Hordaland.


29.03.2016

Inspirasjonsbønder frå Sogn og Fjordane i Landbrukets ØKOLØFT

Tysdag 15. mars gjekk startskotet for den nye fellessatsinga på økologisk landbruk. Inspirasjonsbønder og representantar frå faglag og organisasjonar var då samla på Kringler gjestegård ved Gardermoen til kick-off.


26.06.2015

Sogn og Fjordane satsar økologisk

Norge har langt frå nok økologisk frukt og bær til å stette den aukande etterspurnaden, det tek Sogn og Fjordane på alvor


05.03.2014

BU-midlar til tilretteleggingstiltak innan økologisk produksjon og forbruk

Sogn og Fjordane prioriterer produksjon og omsetnad av økologisk frukt/bær og økologisk lammekjøt i bruken av tilretteleggingsmidlar.


08.03.2013

Tilretteleggingstiltak for økologisk landbruk

Sogn og Fjordane disponerer kr 450 000 for oppfølging av Handlingsplan for økologisk landbruk. Hovudmålet er å doble produksjon og forbruk av økologiske varer i 2015 i høve til 2009. Ut frå erfaringa med oppfølging av handlingsplanen er auka produksjon av frukt/bær og lammekjøt prioritert.


12.10.2012

Sogn og Fjordane er stort på økologisk fruktdyrking og sauehald

Samanliknar vi oss med resten av landet, har fylket vårt 27 prosent av eplearealet og 12 prosent av sauene som er godkjende som økologiske.


11.09.2012

Økologisk frukt- og bærproduksjon i vekst

Nasjonalt har Sogn og Fjordane kring 25 prosent av produksjonen av økologisk frukt og bær. Men over 90 prosent av dei økologiske epla er importerte, og det er såleis grunnlag for framleis auka produksjon i fylket.