Næringsutvikling

Fylkesmannen skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Regionale og lokale fortrinn og moglegheiter skal vernast og utviklast, slik at vi sikrar det økonomiske grunnlaget for framtida. Fylkesmannen skal også medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar. 

Planar og tiltak skal medverke til utvikling av landbruket

Samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen, skogbruksplanar og bioenergiprogram står sentralt i dette arbeidet. Fylkesmannen har ansvar for å utarbeide og gjennomføre regional næringsstrategi for landbruket.

Midler til utrednings- og tilretteleggingstiltak i landbruket

Fylkesmannen forvaltar midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UT-midlar). Aktuelle søkjarar er organisasjonar, selskap og kommunar som skal utgreie eller leggje til rette for næringsutvikling. Tilskotet skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk, kan også få tilskot av UT-midlane.

Fylkesmannen har også ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Noregs utviklingsprogram for lokalmat. Utviklingsprogrammet har økonomiske  verkemiddel innan  områda vekstbedrift, bedriftsnettverk, kompetanse og omdømmebygging.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fylkeskommunen har ansvaret for forvaltninga av midlar til rekruttering og kompetanseheving  på landbruks- og matområdet.

Vis meir

Saksbehandlingstida for BU-saker (tilrettelegging) er maks 8 veker.


02.03.2018

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar i landbruket

Midlane skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, økologisk landbruk, og utvikling av landbruksbaserte næringar som til dømes lokalmat og Inn på tunet. Søknadsfrist 3. april.


30.12.2016

Andelslandbruk i Førde

Trenden med å dyrke sin eigen mat har nådd bygdebyen Førde. Gjennom Vie andelslandbruk er det dyrka mengder med økologiske grønsaker og potet i 2016. Les meir.


28.10.2016

Åtte millionar klar til fordeling

Bønder i Sogn og Fjordane har tru på framtida og ønskjer å bygge nye fjøs. Investeringsmidlane for 2016 vart brukt opp første halvår og det er difor opna for å bruke åtte millionar av ramma for 2017.


18.10.2016

Ciderhuset er tildelt Bedriftsutviklingsprisen

Innovasjon Norge sin Bedriftsutviklingspris i landbruket 2016 i Sogn og Fjordane går til Ciderhuset v/ Åge Eithungjerde og Eli Grete Høyvik.


07.10.2016

Næringsutvikling i landbruket

Fylkesmannen har fordelt 4,8 millionar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak i landbruket. Midlane går mellom anna til å teste ut pæresorten Celina og få etablert det første andelslandbruket i Sogn og Fjordane.


22.03.2016

Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar i landbruket

Fylkesmannen forvaltar midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Desse skal først og fremst nyttast til landbruksrelatert næringsutvikling som fremjar omstilling, nyskaping og framtidsretta sysselsetting i bygdene.


26.01.2016

Støtte til bønder som vil satse

Sogn og Fjordane vidarefører dei gode støtteordningane til bønder som vil satse.


14.10.2015

Åmot Operagard fekk bygdeutviklingsprisen 2015

Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris 2015 i Sogn og Fjordane gjekk til Åmot Operagard. Bedrifta fekk prisen for å ha utvikla eit vellukka driftskonsept som er både originalt og nyskapande.


12.08.2015

Ei kulturell hotelloppleving

Åmot Operagard i Gaular er eit av mange døme på gründerskap innan landbruket som Landbruks- og matdepartementet har presentert i ei ny melding til Stortinget.


03.08.2015

5,25 mill. til næringsutvikling i landbruket

Fylkesmannen har fordelt midlane til utgreiings- og tilrettelegging i landbruket. Midlane går mellom anna til aprikosproduksjon i Lærdal og lammehotell i Bremanger.


Fleire nyhende