Tilskot til utvalde kulturlandskap - endringar i ordninga

I 2017 har forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap og verdensarvområder blitt iverksett. Forskrifta gjer at forvaltningsrutinene knytt til tilskotsmidlane blir endra.

Endringa som følgjer av forskrifta vil vere at støtte til tiltak skal løyvast av Fylkesmannen gjennom vedtak med heimel i forskrifta. Dette skjer etter søknad frå brukarane. Framleis vil dei eksisterande planane for områda, og avtalene om restaurering og skjøtsel vere eit viktig grunnlag for vedtak. Avtaler som allereie er inngått er såleis framleis bindande mellom partane. Vi tek likevel høgde for at det må gjerast nokre justeringar i avtalene.

Kort oppsummert vert føremålet med midlane til utvalde kulturlandskap slik det har vore tidlegare; Formålet med tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap er å bidra til å sikre verdier knyttet til biologisk mangfold, landskap, kulturminner og kulturmiljøer, herunder sikre langsiktig skjøtsel og drift. Midlane kjem framleis til å gjelde avgrensinga av dei utvalde kulturlandskapa slik det har vore tidlegare.

Den nye forskrifta kom som følgje av jordbruksoppgjeret i 2015 der det vart semje mellom partane om å slå saman ordningane Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlanskap. Føremålet var å få til ei ordning med ei felles forskrift.

Fylkesmannen har utarbeidd retningslinjer og søknadsskjema for dei tre områda. Søknadsfristen er 15. oktober, men det vert opna for at søknad kan sendast inn fortløpande.

Retningslinjer og søknadsskjema

Kontaktpersonar