Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Føremålet med tilskotsordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, og å redusere ureininga frå jordbruket ut over det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Ordninga skal medverke til målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Kven kan søkje om SMIL-midlar?

Det kan løyvast tilskot til føretak der det går føre seg ein produksjon som kvalifiserer til produksjonstilskot på landbrukseigedomen, og som oppfyller vilkåra i forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 2 og § 3 eller § 4. Søkjar må ha løyve frå eigar av landbrukseigedomen til gjennomføring av prosjekt eller tiltak.

Søkjar må oppfylle vilkåra i forskrift om gjødslingsplanlegging og føre journal over plantevernmidlar som blir brukt, med opplysningar om namn på plantevernmiddelet, tidspunkt for behandling og dosen som er brukt, samt området og veksten som plantevernmiddelet ble brukt på.

Søkjar må ha kart over jordbruksareala som føretaket til ein kvar tid disponerer, og andre areal som kan verke inn på jordbruksdrifta. Kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre forhold av miljøinteresse skal være kartfesta og skildra. Dersom areala er leigde bort må søkjar likevel kunne dokumentere at vilkåra er oppfylte.

Det kan ikkje løyvast tilskot til prosjekt eller tiltak på landbrukseigendomar som blir eigd eller drive av stat, fylke eller kommune med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedomar som kvalifiserer til tilskot er med.

Kommunen handsamer og avgjer søknadar om tilskot. Kommunane utarbeider overordna retningslinjer for prioritering av søknadane (lokale tiltaksstrategiar). Det skal søkjast på eige søknadsskjema. Kommunen kan fastsetje søknadsfrist.

Det kan setjast vilkår for løyving av tilskot til det enkelte prosjekt og tiltak. Frist for gjennomføring av prosjekt er 3 år frå tidspunktet for vedtaket, med mindre kommunen set kortare frist. Kommunen kan etter søknad forlenge gjennomføringsfristen, men ikkje ut over 5 år frå tidspunktet då tilskotet vart innvilga.

Kva slags tiltak kan det søkjast om?

Det kan søkjast om tilskot til planleggings- og tilretteleggingstiltak, kulturlandskapstiltak og tiltak som medverkar til å hindre eller redusere ureining eller risiko for ureining frå jordbruket.

Tilskot til planleggings- og tilretteleggingstiltak

Føremålet med slike tiltak er å få ein meir heilskapleg og samordna innsats på miljøområdet, og å medverke til prosessar som sikrar brei involvering og forankring i arbeidet med spesielle miljøtiltak. Tiltaka skal leggje forholda til rette for større og heilskapelege prosjekt i større område som t.d. er knytt til eit vassdrag eller til ei grend og bør leie fram til gode og konkrete tiltak.

Søkjarar om midlar til denne typen prosjekt må vere eit føretak der det går føre seg ein produksjon på landbrukseigedomen som kvalifiserer til produksjonstilskot.

Tilskot til kulturlandskap- og ureiningsreduserande tiltak

Formålet med slike tiltak er å vareta natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, og redusere ureining eller risiko for ureining frå jordbruket. Arbeidet med oppfølging av vassforskrifta inneber at fylkesmannen kan prioritere område for gjennomføring av vassmiljøtiltak. Desse prioriteringane skal det takast omsyn til ved handsaming av SMIL-søknader.

Les meir om aktuelle tiltak i rundskriv 2015/17 frå landbruksdirektoratet: