Ormelid blir utvalt kulturlandskap

Ormelid gard i Luster er teken inn på lista over ti nye område som vert innlemma i satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017. Ormelid vert såleis det tredje utvalde området i fylket, i selskap med Grinde – Engjasete i Leikanger og Hoddevik – Liset i Selje.

Satsinga "Utvalgte kulturlandskap i jordbruket" er ei oppfølging av nasjonale mål om å vareta kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene og vert m.a. forvalta med utgangspunkt i forvaltningsplanar og forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap.

Frå og med 2017 vert ordninga utvida til å gjelde 32 utvalde område, fordelt med minst eitt område i kvart fylke.

Lista over dei nye områda som kjem med i ordninga frå i år.