Miljøtiltak

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Fylkesmannen har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Fylkesmannen skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir


10.07.2018

Lærdal er nytt utvalt kulturlandskap i jordbruket

Statsrådane Ola Elvestuen og Jon Georg Dale presenterte ni nye område som blir med på den eksklusive lista Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Blant desse ni finn vi Lærdal, avgrensa til dalbotnen med jordbruksdrift i området mellom Hauge og Borlaug.


05.07.2018

Utvalde kulturlandskap

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er et samarbeid og spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene. Satsinga er basert på frivillige avtaler mellom staten og grunneigarane. Av 41 utvalde område i heile landet er no fire område i Sogn og Fjordane med i satsinga. Dette er Grinde-Engjasete i Leikanger kommune, Hoddevik-Liset i Selje kommune, Ormelid gard i Luster kommune og Lærdalsdalføret i Lærdal kommune.


06.06.2018

Endra reglar for tilskot til slått av bratt areal

Faglaga i landbruket og fylkesmannen er samde om å utvida ordninga med tilskot til slått av bratt areal. Tidlegare avgrensing på minst 20% bratt areal av slåttearealet er no tatt vekk, men det er krav om at arealet skal haustast og at graset skal nyttast som fôr.


17.04.2018

Kulturlandskapspris til trio frå Leikanger

Lars Grinde, Roald Lunde og Jon Erling Oppedal får Kulturlandskapsprisen 2018 for deira arbeid med landbruk og skjøtsel i det nasjonalt utvalde kulturlandskapet Grinde–Engjasete.


06.03.2018

9,4 millionar til utsiktsrydding

Sogn og Fjordane har fått tildelt vel 9,4 mill kr som skal nyttast til utsiktsrydding i 2018. Det er ein stor pott, og vi ynskjer oss mange og gode søknadar. Søknadane vil bli handsama fortløpande. Det er ingen søknadsfrist, men siste innsendingsfrist er 15. oktober.


02.02.2018

Dobla tilskot til stølsdrift

Fylkesmannen har prioritert auka tilskot til stølsdrift og skjøtsel av bratt areal ved fordeling av restmidlane for Regionalt miljøprogram 2017.


24.01.2018

Kommunale rammer til SMIL- og dreneringsordninga

Fylkesmannen har fordelt 6 075 000 kroner til kommunane i tilskotsramme til spesielle miljøtiltak i jordbruket og 3 250 000 kroner til tilskotsordninga for drenering av jordbruksareal for 2018.


17.01.2018

Søk midlar frå klima- og miljøprogrammet

Frå januar 2018 må du søke om midlar til fylkesvise tiltak fra Klima- og miljøprogrammet i jordbruket via elektronisk skjema i Altinn.


19.09.2017

Tilskot til beiterydding

Beiterydding og utsiktsrydding kan vere det same. Har du eit beite langs ein veg som du skulle ha rydda litt i? Eller har du eit areal langs ein veg som du kunne tenkja deg å etablera beite på? Då bør du søka om tilskot til utsiktsrydding.


19.09.2017

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2017

Søknadsfristen for miljøprogrammet er i år flytta til 15. oktober, elles er det ingen endringar i programmet i høve til 2016.


Fleire nyhende