Fjordnorge til Internationale Grüne Woche

18 aktørar frå fjordfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland vert å finne på ei av verdas største matmesser i Berlin 20.-29. januar 2017.

Som ein av tre regionar valt ut av Landbruks- og matdepartementet og Innovasjon Norge skal Vestlandet representere Noreg på den viktige matmessa Internationale Grüne Woche (IGW). IGW er ikkje berre sentral i det nasjonale omdømmearbeidet kring norsk mat internt og i resten av verda - men òg ei intern skolering og møteplass for lokalmatprodusentar, restaurantar og reiselivsnæring med kortreist kvalitet i sentrum. Deltaking i Berlin er òg eit signal til deltakarane at dei syner engasjement og positiv utvikling i verksemda si.

Måla for deltakinga er mange: Reiselivsnæringa er allereie internasjonal, og Tyskland er ein viktig del av marknaden for mange. Men mat og opplevingar i kulturlandskapet vert óg ein stadig viktigare del av reiselivsnæringa her heime. Fleire deltakarar, mellom anna Flatheim friluftsgard i Gaular og Skjolden Hotel i Luster, jobbar allereie i overgangen mellom reiseliv og matproduksjon. Lokal mat er ein del av reiseopplevinga og reiseopplevinga ein del av den lokale maten. Difor er det viktig at lokalmatprodusentar, restauranteigarar, kokkar og aktørar i reiselivet møtes - til dømes i arbeidet fram mot IGW.

For prosjektet er meir enn berre ei dryg veke i Berlin. Arbeidet med å kome saman som region Fjordnorge byrja denne veka i Bergen. 16 av dei 18 produsentane var til stades på Smaksverkstad i lokala til restauranten 1877. Restauranten tek med seg si interesse for lokal mat og gode råvarer til Berlin, men allereie no fekk deltakarane ein smak av alt som veks og gror i fjordarmane våre: Bringe av kvige frå Hansgarden i Gjemnes kommune trong knapt vere i nærleiken av steikepanna for å verte smørjemjukt. Både langs Sognefjorden og på Sunnmøre er sjokolade med på å auke verdien av lokale frukt og bær hjå produsentane Sognefjord Sjokolade og Gode Greier. Hjå Balholm i Balestrand boblar det i frukt og bær både med og utan alkohol.

Kjøtt i porsjonsform
Fram mot messeopning 20. januar skal produsentane, kokkane og koordinatorane hjå Fylkesmannen og Innovasjon Norge setje saman alle råvarene og produkta til ein smaksmeny som skal presentere Fjordnorge. Produsentane står ikkje på stand berre for seg sjølv, men for Noreg, for regionen og alle dei andre produsentane som er representerte. Samarbeid og lagånd er naudsynt når over 400 000 vitjarar skal mettast i løpet av ei kort veke. I år er 30. gongen Noreg er offisielt til stades på IGW, og jubileet vil sjølvsagt verte markert.

Matfat

Frå Sogn og Fjordane deltek:

  • Marås Hjort v/ Knut og Siv Merete Marås: Foredling av hjortekjøt og spekepølse frå eigne dyr, samt guiding på jakt og fiske.
  • Vikja AS v/ Olav Arnar Bø og Morten Holmberg: Slakteri og foredling av kjøt frå økologisk små- og storfe frå nærområdet. Delvis kjøt frå gamle rasar.
  • Sognefjord Sjokolade AS v/Paul og Franka Fransen: Produksjon av sjokolade med fyll frå nærområdet - frukt, bær, ost og alt kva området har å by på.
  • Skjolden Hotel Luster v/ Aslak og Siri Dalehaug: Hotell og restaurant bygd kring lokale råvarer både innan kjøt, mjølk, frukt og grønsaker. Startar opp eige bryggeri og foredlar kjøt.
  • Flatheim friluftsgard v/ Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug: Reiseliv i tradisjonelle omgjevnader med opplevingar i naturen.
  • Ciderhuset v/ Eli-Grete Høyvik og Heidrun Eitungjerde Høyvik: Produksjon av cider, juice, saft og brennevin basert på eigen og lokal frukt og bær. Gardsrestaurant, cidersmaking, gardsbutikk og andre opplevingar.

 

Kontaktpersonar