Matproduksjon

Fylkesmannen er pådrivar for verdiskaping og utvikling i matproduksjonen gjennom lokal foredling og omsetting. Matproduksjonen skal sikre ønsket om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvenleg produksjon. Fylkesmannen forvaltar tilskotsordningar som kan bidra til at fleire matprodusentar foredlar eigne råvarer og tilbyr forbrukarane gode matopplevingar. Midlar til bedriftsutvikling blir forvalta av Innovasjon Norge. 

Næringsutvikling innan matproduksjon er blant anna knytt til lokal matkultur og lokale spesialitetar, turisme og reiseliv, matkvalitet, helse og kompetanse.

Fylkesmannen samarbeider med andre statlege etatar, Innovasjon Noreg, fylkeskommunane, kommunane og ulike organisasjonar i dette utviklingsarbeidet.

Vis meir


15.02.2018

Fagbok om ysting

Ysting er ei lærebok i handverksysting. Boka er første i sitt slag i Skandinavia og er skrive på nynorsk.


17.11.2017

Fjord Norge til Internationale Grüne Woche

20 aktørar frå fjordfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vert å finne på ei av verdas største landbruks- og matmesser, Internationale Grüne Woche i Berlin, 19-28. januar 2018.


29.09.2017

Ysting – mobilisering hausten 2017

I haust vert det arrangert tre samlingar for mjølkebønder med interesse for foredling eller for deg med interesse for ysting og kan tenkje deg å starte eit handverksysteri.


13.09.2017

Til finalen i Det Norske Måltid 2017

Påldtun Frukt og Bær frå Gloppen skal delta i finalen i Det Norske Måltid med produktet bringebærsaft.


25.01.2017

Ønskjer velkomne med lokalmat

Seks aktørar frå Sogn og Fjordane er med på verdas største matmesse, Internationale Grüne Woche Berlin.


16.11.2016

Fjordnorge til Internationale Grüne Woche

18 aktørar frå fjordfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland vert å finne på ei av verdas største matmesser i Berlin 20.-29. januar 2017.


22.06.2016

Gloppen omsorgssenter i finalerunde

Gloppen omsorgssenter er blant dei fem finalistane i konkurransen «Gyldne Måltidsøyeblikk 2016».


13.05.2016

Gylne måltidsøyeblikk - ny konkurranse

Alle landets alders- og sjukeheimar er invitert til å delta i konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk». Målet med konkurransen er å syne kor viktig maten og råmene for måltida er for eldre på institusjon.


22.02.2016

VEKST mot 2025

Velkommen til fagdagar og nettverkssamling om lokal mat i vekst 5. - 6. april i Flora/Svanøy. Påmeldingsfristen er forlenga til måndag 4. april. Les meir


17.11.2015

Vinnaren er kåra i konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk»

Solundheimen er fylkesvinnar i konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk» og går vidare til den nasjonale konkurransen. For Sogn og Fjordane vert det ei felles markering på Åmot Operagard 2. desember med alle institusjonane som deltok.


Fleire nyhende