Landbrukseigedommar og buplikt

Eigedomane er grunnlaget for verdiskapinga i landbruket. Den som overtek ein  landbrukseigedom må søkje om konsesjon dersom eigedomen er utan bygningar, eller dersom eigedomen har eit samla areal på meir enn 100 dekar, eller eigedomen har meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord.

Konsesjonslova gjeld for dei fleste typar erverv (kjøp eller arv) av fast eigedom. Formålet med konsesjonslova er å støtte opp under det tradisjonelle familielandbruket, men lova er også til gagn for dei som vil utvikle eigedomar med nye næringar, og for dei som ønskjer å bu på eit gardstun.

Buplikt

Det er eit politisk mål å ha busetjing i heile landet, noko som blant anna blir sikra gjennom buplikta. Plikt følgjer direkte av lova når den som har odel eller er i nær slekt med førre eigar, overtek ein eigedom med bustadhus og meir enn 35 dekar dyrka mark eller 500 dekar skog. Buplikt kan òg setjast som vilkår i ei konsesjonssak. Kommunen kan også innføre buplikt for dei som kjøper eller arvar heilårsbustader, utan omsyn til storleik på eigedomen. 

Jordlova

Jordlova speglar det landbrukspolitiske målet om å sikre arealressursane og halde oppe og styrkje ressursane på det enkelte bruket. Dette inneber mellom anna at den som eig dyrka mark, har ansvar for at jorda blir driven.

Jordlova har reglar om driveplikt, omdisponering av dyrka og dyrkbar jord, og om deling av landbrukseigedom. Kommunen behandlar og avgjer saker etter jordlova og konsesjonslova, og Fylkesmannen er klageinstans.

Vis meir


28.09.2017

Endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova

Med verknad frå 1. september er arealgrensene for konsesjonsplikt, lovfesta buplikt og odlingsjord endra. Også reglane om driveplikt og priskontroll ved kjøp av skog er endra.


03.10.2016

Fråsegn til forslag om endring i konsesjonslova og jordlova

Fylkesmannen rår ikkje ifrå auken i arealgrensene for buplikt og odel, eller forslaget om å oppheve priskontrollen på reine skogeigedomar. For dei andre forslaga har vi en del innvendingar.


17.06.2015

Driveplikt på jordbruksareal

Alle som eig jordbruksareal har plikt til å drive arealet sjølv eller leige jorda vekk til andre som vil drive den. Det er krav om 10 års skriftleg avtale. Dersom eigar ikkje oppfyller driveplikta, kan kommunen leige vekk jorda på vegne av eigar.


15.01.2015

Rår frå at konsesjonslova og buplikta vert oppheva

I si høyringsfråsegn konkluderer Fylkesmannen med at konsesjonslova med buplikt er av stor verdi for å oppretthalde eit busetjingsmønster om lag slik vi har i dag, og for å ta vare på dei kulturelle og økonomiske verdiane som folk og landskap på bygdene og i utkantane representerer.


17.10.2014

Støttar vedtak om buplikt

Luster kommune vedtok i møte 04.02.2014 å ikkje forlenge fristen med nye fire år for å starte oppfyllinga av buplikta ved overtaking av landbrukseigedom. Eigar klaga på vedtaket. Fylkesmannen er komne til at klaga ikkje blir teke til følgje og eigar får difor ein relativt kort frist for å flytte til eigedomen.


17.10.2014

Omgjer avgjerd om buplikt

Gaular kommune vedtok 26. september 2013 å gje konsesjon til ervervaren av ein landbrukseigedom på vilkår av at ervervaren oppfylte ei femårig buplikt. Fylkesmannen kom til at kommunen ikkje hadde heimel til å påleggje denne buplikta, og omgjorde vedtaket.


30.06.2014

Lovleg konsesjon

Formannskapet i Årdal kommune gav 29.04.2014 konsesjon for kjøp av eit gardsbruk i Ofredal. Etter krav om lovlegkontroll konkluderte Fylkesmannen med at konsesjonen, som vart gjeven til selskapet Hagane AS, er lovleg.


02.07.2013

Nye reglar for deling av landbrukseigedom

Med verknad frå 1. juli er delingsparagrafen i jordlova endra. Dei nye reglane skal auke kommunen sitt handlingsrom, og gjere det enklare å dele areal frå landbrukseigedomar dersom føremålet er tilleggsjord eller busetjing.


24.06.2013

Fylkesmannen endrar Jølster kommune sitt vedtak i bupliktsaka i Paulen

Anny Paulen treng ikkje konsesjon for å vere eigar av gnr. 13 bnr. 1 i Jølster av di bustadhusa på bruket ikkje er av ein slik standard og kvalitet at der er buplikt på eigedomen.


03.12.2012

Vedtak i klagesaker

Fylkesmannen er klageinstans på vedtak gjort av kommunane. Her finn de vedtak på nokre av sakene Fylkesmannen har behandla.


Fleire nyhende