Jordvern

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir


03.04.2017

Foreslår Eid kommune som kandidat til nasjonale jordvernpris

I Nasjonal jordvernstrategi er eitt av tiltaka å etablere ein nasjonal jordvernpris som skal delast ut annakvart år. Fylkesmannen foreslår Eid kommune som kandidat frå Sogn og Fjordane.


20.02.2017

Nasjonal jordvernpris 2017

Fylkesmannen ber om forslag til kandidatar frå Sogn og Fjordane til nasjonal jordvernpris for 2017. Frist 15. mars 2017.


15.10.2015

Nedbygging av dyrka mark

I 2014 vart det omdisponert 187 daa dyrka jord i Sogn og Fjordane. Ser vi på tala for perioden 2005-2014, så er det i snitt omdisponert nærmare 300 daa dyrka jord kvart år, eller i alt 2985 daa i heile 10- års perioden.


09.01.2015

2015 - internasjonalt år for jordsmonn

FN har valt jordsmonn som fokusområde i 2015. Tap og øydelegging av jord er ei av dei største utfordringane vi står ovanfor globalt fordi grunnlaget for produksjon av mat, fiber og energi går ned.