Eit godt fruktår

Sommaren 2018 vil verte hugsa for godt ver og gode fruktavlingar.
Sommaren 2018 vil verte hugsa for godt ver og gode fruktavlingar. (Foto: Jon Anders Stavang, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Med vatningsanlegg i frukthagane har den gode varmen og det fine veret i mai, juni og juli gjeve ideelle pollinerings- og vekstforhold.

I Lærdal har dei hatt sin nest beste morellsesong nokon sinne med godt over 200 tonn pakka salsvare. I Sogn og i Nordfjord er innhaustinga av plomme godt i gong og avlingane er gode. Også eplehagane bugnar av kvalitetsfrukt.

God pollinering og fruktsetting

Den gode varmen i mai gav gode forhold for pollinerande insekt og det summa godt i frukthagane i blømingstida. Særleg honningbiene som mange fruktbønder nyttar hadde gode arbeidstilhøve. Dette har gjeve god fruktsetting og fin utvikling av fruktene.

Vatningsanlegga har gått for fullt

I år har vatningsanlegg vore heilt naudsynt for å sikre avlingane, og dei fleste har vatna alt dei har klart. I Nordfjord kom det restriksjonar på vatninga då kommunen sitt vatningsanlegg ikkje hadde kapasitet til å dekke alt behovet til frukt- og bærprodusentane, men det ser ut til at det har gått bra.

Dei gode temperaturane med mykje sol og lite nedbør har favorisert vekst- og smaksutvikling i frukta. Dei vanlege skadesoppane som likar fukt, har hatt dårlege forhold i år. Dermed vert det lite utsortering av frukt og mykje kvalitetsfrukt å finne i butikkane. Dette er bra for fruktprodusentane som kan vente seg gode oppgjer for salet av frukta i sommar og i haust.

Rom for fleire produsentar

Optimismen i fruktnæringa er god og det er rom for meir norsk frukt i marknaden. I Sogn og Fjordane freistar ein no å rekruttere fleire til å satse på fruktdyrking gjennom eit eige mobiliseringsprosjekt. Eigarar av gardar med godt lokalklima vert oppmoda om å ta kontakt med Njøs Næringsutvikling, næraste fruktmottak eller landbrukskontoret i kommunen for å få ei vurdering av fruktpotensialet på sin gard.

Kontaktpersonar