Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Nye temakart over klimasoner

Lokalklima er no kartfesta. Ved å samle informasjon på kart har Fylkesmannen funne fram til dei areala i Sogn og Fjordane som er best eigna for dyrking av frukt og bær. No er klimasoner for bringebær og eplesorten raud aroma publisert på Fylkesatlas.no.

Ved å samanstille gjennomsnittstemperatur, solinnstråling og plantane sine klimakrav har Fylkesmannen funne fram til klimasoner for dyrking av frukt og bær. Områda med det beste lokalklimaet kan brukast til dyrking av seine eplesortar. Bær og andre fruktslag har lågare krav til klima og har dermed vidare klimasoner.

Lokalklimaet har vi delt i tre ulike klimasoner: «Svært godt», «godt» og «eigna». «Eigna» areal kan vere marginalt og her bør ein vere forsiktige med å starte ein ny produksjon i stort omfang. Arealet er vidare delt i fulldyrka jord, overflatedyrka jord, innmarksbeite og skog. Med bakgrunn i denne informasjonen er det no laga temakart for dei ti kommunane i Sogn og Fjordane kor ein dyrkar frukt og bær.

Ved å gå inn på fylkesatlas.no kan ein sjølv hente ut desse klimasonene. Vel kartlag «landbruk» og kryss av for anten «klimasoner for bringebær» eller «klimasoner for raud aroma». Etter å ha gjort det, kan ein trykke på «tegnforklaring for aktive temakart» og få fram kva dei ulike fargane og skraveringane betyr. Bilete 1 viser dømer på korleis dette ser ut på skjermen for Innvik i Stryn kommune og Nornes i Sogndal kommune.

Temakart frå Fylkesatlas over klimasoner for aromaeple og bringebær i Innvik og på Nornes

Denne kartinformasjonen er nyttig når ein skal vurdere omlegging av gardsdrift, eller ved planarbeid der jordbruksareal står i fare for verte nedbygd. Det er særskilt viktig å verne om den jorda som har det beste klimaet og produksjonspotensialet.

Fylkesmannen har i tillegg til klimadata samla all tilgjengeleg informasjon som er digitalisert, til dømes jordsmonn, infiltrasjonsevne, lausmassar med meir, i eit kartverktøy som kan nyttast til å sjå på enkeltteigar og einskildgardar. Landbrukskontora i kommunane kan vende seg til Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen ved konkrete tilfelle der nye eller gamle hagebruksprodusentar skal starte opp med ein ny frukt- eller bærkultur og få tilgang til dei grunnlagsopplysningane vi sit på.

Karta finn du på Fylkesatlas: https://www.fylkesatlas.no/

 

Kontaktpersonar

Lenkjer