Nedgang i jordbruksareal har stoppa

I 2017 stoppa nedgangen i jordbruksareal etter å ha gått ned i fleire år. Jordbruksarealet i Sogn og Fjordane har minka med 7 prosent sidan 2006, men dei aktive gardsbruka har auka sitt areal med 16 prosent til 151 dekar .

Det er arealet med gjødsla beite/innmarksbeite som har auka sett i høve til både 2006 og 2016, medan areal som er fulldyrka går ned. Denne utviklinga er lik med den nasjonale utviklinga. Endringane er små og det vert interessant å følgje utviklinga dei neste åra for å sjå om nedgangen bremsar opp permanent.

Sogn og Fjordane er eit grovforproduserande fylke

Det meste av jordbruksarealet i fylket vert nytta til grovfòrproduksjon, enten på fulldyrka eller overflatedyrka jord, over 60 prosent. Innmarksbeite utgjer 35 prosent. Areal som vert nytta til frukt og bær utgjer 1,3 prosent av arealet og åkerarealet utgjer 0,3 prosent.

Om lag 3600 dekar er midlertidig ute av drift og utgjer 1 prosent av det totale arealet. Det totale arealet som vert oppgjeve som midlertidig ute av drift ved søknad om produksjonstilskot har ein nedgong på 900 dekar samanlikna med 2016. Dette vil seie at eit areal tilsvarande 145 fotballbanar har kome i drift sidan 2016.

Fordeling av planteproduksjonar på jordbruksarealet i fylket 2017 Kjelde: Landbruksdirektoratet

Fordeling av planteproduksjonar på jordbruksarealet i fylket 2017 Kjelde: Landbruksdirektoratet

Fordeling av planteproduksjonar på jordbruksarealet i fylket 2017. Kjelde: Landbruksdirektoratet

Kystkommunar stabiliserer seg

På kommunenivå ser ein at det er kystkommunane som i hovudsak har bremsa nedgangen og har positiv utvikling på det samla jordbruksarealet. Dette er marginale jordbruksområde der utviklinga har vore negativ både når det gjeld areal, tal bruk og produksjon.

Den negative utviklinga i kystkommunane på areal kan sjå ut til å flate ut og i nokre tilfelle aukar også arealet.  Kjelde: Landbruksdirektoratet

Om ein ser på dei kommunane som har størst nedgang i perioden 2006-2017, Leikanger, Fjaler, Bremanger og Flora, har alle desse frå 2016 til 2017, enten auka arealet eller ikkje hatt nedgang.

Dei største tapar mest

Dei største jordbrukskommunane i fylket som alle har over 20 000 dekar, har hatt ei negativ utvikling og har vore dei som har tapt størst tal dekar i absolutte tal. Unntaket er Luster som ikkje har tapt areal siste året, men også har auka med vel 1000 dekar frå 2006 og fram til i dag. Stryn har tapt mest jordbruksareal over ein tiårsperiode med over 12 prosent av eige jordbruksareal tilsvarande nesten 5000 dekar. Førde er ein jordbrukskommune med små endringar både over kort og lang tid.

Dei største jordbrukskommunane i fylket har over tid den største nedgangen.  Kjelde: Landbruksdirektoratet

Større gardsbruk

Arealutviklinga på det einskilde jordbruksføretak har auka jamt og trutt og gjennomsnittleg har kvart jordbruksføretak i Sogn og Fjordane 151 dekar. Snittet for landet er 244 dekar.

Utviklinga i jordbruksareal i Sogn og Fjordane og på det einskilde jordbruksføretak.  Kjelde: Landbruksdirektoratet