Erstatning for avlingssvikt på grunn av klima

Fristen for å søke om erstatning for avlingssvikt etter vekstsesongen i 2017 er 31. oktober. Beiting på fulldyrka og overflatedyrka eng vert rekna som avling i skadeåret. Eigenandelen søkjar må dekkje sjølv er 30 prosent av forventa avling.

Vilkår

Det er nokre vilkår som er viktige å ha i minne når du søkjer om erstatning for klimabetinga skade. Du må sende melding til kommunen "utan ugrunna opphald", det vil seie så snart som muleg når ein har oppdaga klimaskade. På denne måten får kommunen høve til kontrollere og gjere seg opp ei meining om skaden har si årsak i klima, eller om det er andre årsaker til skaden.

Eit anna viktig vilkår for å oppnå erstatning for avlingssvikt, er at både føretaket og kommunen skal gjere ei skrifteleg vurdering i søknaden av ulike årsaker til avlingstapet. Kor stor del av skaden som skuldast klima skal oppgjevast i prosent. Dette gjeld både grovfôr og frukt/bær. Dersom vurderinga manglar, vil ikkje søknaden verte handsama, jf. § 7 i erstatningsforskrifta. Søknadsfristen er absolutt og søknadar levert seinare vert ikkje handsama.

Nye reglar for grovfôrerstatning

For dei som produserer grovfôr til eigne husdyr er det nye regler frå 2015. Det er no fastsett normalavling for kvar kommune som avlinga vert målt mot i utrekning av erstatninga. Normavling for kommunane i Sogn og Fjordane er opplista i forskrifta: Forskrift om satser for og beregning av erstatning og tilskudd ved klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon.

Avlinga i skadeåret vert utrekna slik:
Oppmålt grovfôrlager (på måledato)
+ selt/brukt grovfôr av avlinga i skadeåret
+ berekna fôropptak ved beiting og fôring med grovfôr hausta frå grovfôrarealet
= avling i skadeåret

Merk at beiting på fulldyrka og overflatedyrka eng vert rekna som avling i skadeåret. Det vil særleg ha konsekvensar for sauebruk som gjerne beitar på innmark både haust og vår.

Grovfôrproduksjon med husdyr skal dokumentere kjøp og sal av grovfôr i skadeåret med rekneskapsbilag.

Regelverk for frukt og bær

For frukt og bær er regelverket uendra, men satsar for frukt og bær er auka i høve til 2014. Her og er det eit krav at ein gjev beskjed til kommunen om mogleg skade så tidleg som muleg «utan ugrunna opphald». Send søknaden seinast den 31. oktober. Dersom ein manglar dokumentasjon på hausta avling, så kan denne sendast i etterkant til kommunen. Dersom ein oppgjev areal ute av bæring må ein legge ved dokumentasjon på nyplanting. All produksjon av frukt og bær på areal som det er gjeve arealtilskot for skal gjevast opp i søknaden. Snittavlinga blir rekna samla. Til dømes kan ei god avling i eple vege opp for ei dårleg plommeavling, slik at det totale avlingstapet i vekstgruppa frukt gjerne ikkje blir stort nok til å kunne få erstatning. Men vekstgruppene frukt og bær blir derimot rekna kvar for seg, slik at ein kan få kompensert dårleg bæravling sjølv om fruktavlinga er god, og vice versa.

Søk elektronisk

Her finn du informasjon om korleis søke elektronisk, det lettar saksbehandlinga og den går raskare. Her finn du søknadsskjemaet. Ta kontakt med kommunen din dersom du treng råd og hjelp. Dersom du ønskjer å bruke papirskjema, finn du dei på Landbruksdirektoratet si nettside.

Du kan lese meir om erstatningsordninga og korleis du søkjer på nettsidene til Landbruksdirektoratet.