Avlingssvikt - dokumentasjon og erstatning

Ein kald vinter har ein del stadar gjeve vinterskader i bringebær. Tørke har ført til redusert avling på første slåtten. Gje melding til kommunen straks du er klar over skade på grunn av klima. For å kunne få erstatning for avlinga er det naudsynt å dokumentere skadane.

Jordbruksføretak kan få erstatning for å redusere økonomiske tap ved klimabetinga svikt i plante- eller honningproduksjon som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. For å kunne søke erstatning må skadane dokumenterast. Dokumentasjonen skal bekrefte skaden, korleis den har oppstått, skadeomfang, og korleis dette har ført til redusert avling.


Vilkår for rett til erstatning for avlingssvikt

  • Søknaden må vere sendt (elektronisk) innan søknadsfristen 31. oktober
  • Avlinga må vere under 70 prosent av gjennomsnittet dei siste fem åra. For grovfôr til eigne husdyr må avlinga vere under 70 prosent av normavling i føretaket pr. dekar
  • Det vert ikkje gjeve erstatning for dårleg kvalitet på grovfôr
  • Klimaforhold som er årsak til avlingssvikten må vere godt dokumentert
  • Gje melding til kommunen straks du vert klar over skade som skuldast klima
  • Oppmåling av grovfôravling skal gjerast saman med kommunen eller fagmiljø som, etter avtale med kommunen, kan gjere det
  • Føretaket har plikt til å avgrense og førebygge avlingstap, ved mellom anna å hauste avlinga

Føremål

Føremålet med ordninga er å redusere økonomiske tap som oppstår som følgje av klimatiske forhold. Ordninga skal vere ei hjelp gjennom ein vanskeleg økonomisk periode. Det er ikkje ein form for inntektsgaranti.

Du finn meir om ordninga på nettsida til Landbruksdirektoratet