Jordbruk

Jordbruk omfattar dyrking av plantar og husdyrhald. Jordbruksarealet i Noreg utgjer omtrent tre prosent av landarealet, og det er store variasjonar mellom fylka.

Fylkesmannen skal medverke til at jordbrukspolitikken blir realisert

Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre den nasjonale jordbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Fylkesmannens oppgåver innan jordbruk er i hovudsak knytte til forvaltning av tilskots- og erstatningsordningar.

Fylkesmannen gir råd og informerer om verkemiddelbruk overfor kommunane, forsøksringar og næringsutøvarar innan jord- og hagebruk. Fylkesmannen skal fungere som initiativtakar og pådrivar for verdiskaping og utvikling innan sektoren. 

Vis meir


15.08.2018

Tørke og erstatning for avlingssvikt

Vårfrost har gitt skade i ein del bringebærfelt. Ein tørr sommar gav lågare grovfôravlingar, men det er store variasjonar mellom ulike område. Betre andre- og tredjeslått kan betre situasjonen for mange. Erstatning vert utbetalt til føretak som har ei avling under 70 prosent av eit normalår.


11.07.2018

Nedgang i jordbruksareal har stoppa

I 2017 stoppa nedgangen i jordbruksareal etter å ha gått ned i fleire år. Jordbruksarealet i Sogn og Fjordane har minka med 7 prosent sidan 2006, men dei aktive gardsbruka har auka sitt areal med 16 prosent til 151 dekar .


28.06.2018

Lærdal er nytt utvalt kulturlandskap i jordbruket

Statsrådane Ola Elvestuen og Jon Georg Dale presenterte i dag ni nye område som blir med på den eksklusive lista Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Blant desse ni finn vi Lærdal, avgrensa til dalbotnen med jordbruksdrift i området mellom Hauge og Borlaug.


11.06.2018

Avlingssvikt - dokumentasjon og erstatning

Ein kald vinter har ein del stadar gjeve vinterskader i bringebær. Tørke har ført til redusert avling på første slåtten. Gje melding til kommunen straks du er klar over skade på grunn av klima. For å kunne få erstatning for avlinga er det naudsynt å dokumentere skadane.


06.06.2018

Endra reglar for tilskot til slått av bratt areal

Faglaga i landbruket og fylkesmannen er samde om å utvida ordninga med tilskot til slått av bratt areal. Tidlegare avgrensing på minst 20% bratt areal av slåttearealet er no tatt vekk, men det er krav om at arealet skal haustast og at graset skal nyttast som fôr.


19.03.2018

Kartlegging og samarbeid om landbruksureining i vatn

Ny kartlegging og tett samarbeid mellom Sogn og Fjordane og Hordaland skal gje ny kunnskap om ureining frå landbruket og korleis dette kan reduserast.


15.03.2018

Nye forskingsprosjekt skal løfte fruktproduksjonen

To forskingsprosjekt innan frukt har fått løyvingar på til saman 18,4 millionar kroner for dei neste fire åra. Ei samla fruktnæring har støtta søknadane. Det første prosjektet skal sjå på sjukdommar i frukttre og det andre skal arbeide med jord og gjødsling sin verknad på fruktavlinga.


17.11.2017

Nye temakart over klimasoner

Lokalklima er no kartfesta. Ved å samle informasjon på kart har Fylkesmannen funne fram til dei areala i Sogn og Fjordane som er best eigna for dyrking av frukt og bær. No er klimasoner for bringebær og eplesorten raud aroma publisert på Fylkesatlas.no.


16.11.2017

Landbruksproduksjon i endra klima

Reduksjon av klimaavtrykk i norsk landbruk og landbruksproduksjon i endra klima er tema på seminaret som Sogn og Fjordane Landbruksselskap arrangerer på Skei 28. november.


13.10.2017

Erstatning ved avlingssvikt

Vanskelege vêrforhold har i enkelte område gjort grovfôrproduksjonen ekstra utfordrande i år. Haglbyger har somme stader skada frukta. Har du hatt så stor avlingssvikt i år at du ønskjer å søke erstatning? Frist er 31. oktober.


Fleire nyhende


Kontaktpersonar