Tap av sau på utmarksbeite

Fylkesmannen forvaltar ei ordning for erstatning etter tap av sau på utmarksbeite. Det gjeld erstatning etter tap til freda rovvilt. Den tidlegare erstatningsordninga ved særleg høge tap er avslutta.

Erstatning etter tap til freda rovvilt har søknadsfrist 1. november.
 
Ta kontakt med kommunen eller Fylkesmannen om du har spørsmål.


Tap til freda rovvilt

Det blir gjeve erstatning for tap av husdyr til gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn, sjå ny forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt av 1. juni 2014.

Søknadsfristen er 1. november, og det er eit krav, som i fjor, at søknader blir sendt inn elektronisk. Meir informasjon om elektronisk søknadsskjema finn du i Miljødirektoratet på www.rovviltportalen.no . Ta kontakt med Fylkesmannen dersom du får problem med elektronisk innsending. Søknader utan dokumentert skade og/eller utan dokumentert bestand av freda rovvilt vil normalt få avslag. Ved mistanke om skade frå freda rovvilt er det viktig å melde raskt frå til Statens Naturoppsyn.

Særleg høge tap - ordninga blei avslutta i 2014

 

Relaterte lenker

Erstatning for tap til freda rovvilt:
Elektronisk søknadssenter - rovvilt
Elektronisk søknad - rovviltportalen

Kontaktpersonar