Mjølkeproduksjon i Sogn og Fjordane 2024

Sogn og Fjordane Landbruksselskap arrangerte ein svært vellukka temadag på Skei med gode innlegg, livleg diskusjon og omlag 200 deltakarar. Her finn du programmet og alle presentasjonane.

 

På møte såg ein på status for mjølkeproduksjonen i fylket per i dag, samstundes som ein såg 10 år fram i tid. Kva grep kan og bør gjerast for at Sogn og Fjordane skal behalde sin relative del av mjølkeproduksjonen? Det var fokus på problematikken om at stadig meir mjølk vert produsert på kraftfôr importert frå utlandet og at det stadig vert importert meir storfekjøt.

Mjølkeproduksjonen er viktig for landbruket i Sogn og Fjordane. Samstundes er næringa inne i ei stor omstilling der dyra skal over i lausdrift frå 2024. Det er trong for kunnskap, kapital og framtidstru for å klare denne omstillinga.

Temadagen var open for alle interesserte: bønder, forvaltning, rådgjevarar, forskarar, politikarar og alle andre som er opptekne av utviklinga i landbruket.

Program

Innlegga:
Status og utfordringar for mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane

Frå bås til binge på mitt bruk, v/ Bente Axelsson, Jølster
Frå bås til binge på mitt bruk, v/ Gustav Orheim, Eid

Korleis få med dei små og mellomstore produsentane vidare?

Kan vi eller bør vi redusere råvareimorten av kraftfôr?

Konsekvensane av ulike vegval i norsk mjølkeproduksjon – og kva betyr det for Sogn og Fjordane?

Mjølkeproduksjonen sin verdi for areal og kjøttproduksjonen

Kva må landbrukspolitikken og virkemidla bidra med for å halde på mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane

 

Kontaktpersonar