Husdyr

Husdyrproduksjonen er den viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing i norsk landbruk. I Noreg er det meir enn 800 000 storfe, over èin million sauer, over 1,5 millionar slaktegrisar, over 4 millionar høner og meir enn 62 millionar kyllingar. Vi har også andre husdyr som hjort, lama, geit, kanin, mink, rev, and, gjess og kalkunar.

Husdyrproduksjonen kan delast inn i to hovudformer:

  • Grovfôrbaserte produksjonar, som mjølkeproduksjon (ku og geit) og kjøtproduksjon (ku, sau og geit), utnyttar i hovudsak lokale arealressursar til matproduksjon og bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet gjennom beiting og slått. 
  • Kraftfôrkrevjande produksjonar, som svine- og fjørfeproduksjon.

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon. Husdyrkonsesjon skal leggje til rette for at svine- og fjørfeproduksjonen blir spreidd på flest mogleg gardsbruk, og set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe eit gardsbruk kan ha. Bønder som ønskjer å produsere meir, må søkje om konsesjon for å auke produksjonen.

Bruk skjemaet til høgre når du skal søkje om husdyrkonsesjon, og send søknaden til kommunen. Kommunen innstiller og sender saka vidare til Fylkesmannen, som behandlar og avgjer søknaden. Landbruksdirektoratet er klageinstans, men klagen skal likevel sendast til Fylkesmannen.

Erstatningsordningar og tilskot

Fylkesmannen har ansvar for erstatningsordningar i husdyrproduksjonen, tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt .

Kommunane behandlar søknader om tilskot, gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruk og rettleiar bønder. Fylkesmannen er koordinator og rådgjevar overfor kommunane. Statens landbruksforvaltning har ansvar for hovudutbetalingane til bøndene.

Mattilsynet har ansvar for dyrehelse og næringsmiddelkontroll. Landbruksdirektoratet har ansvaret for kvoteordninga for mjølk.

Vis meir


15.06.2018

Liten nedgang i stabil mjølkeproduksjon

Mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane er jamt over stabil, men etter vekst i produksjonen i 2016, var produksjonen tilbake att på om lag same nivå som i 2015. I 2017 produserte bøndene 103,9 mill. liter kumjølk mot 106,1 mill. liter i 2016.


03.05.2018

Elektroniske bjøller på sju prosent av sauene

Bønder i Sogn og Fjordane har kjøpt over 4700 elektroniske bjøller til sauene sine. I Årdal og Lærdal er det flest sauer med slike bjøller.


08.02.2018

Lågare tap enn for landet

Tap av lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane er stabilt lågare enn for landet. I 2017 var vårt tap 4,9 prosent medan gjennomsnittleg lammetap i landet var 6,7 prosent.


08.01.2018

Rekordstor satsing på nye fjøs

I 2017 vart det gitt støtte til bygging av 14 nye kufjøs, 12 nye fjøs for ammeku og 12 nye fjøs til sau. Her er det plass til 570 mjølkekyr, 276 ammekyr og 1800 sauer.


04.01.2018

Tilskot til tiltak i beiteområde 2018

Beitelaga kan søkje om investeringsmidlar til fellestiltak i utmark som skal betre beitebruken. Søknadsfristen er 1. februar 2018.


12.12.2017

Fjøs til ammeku

Gjennom temaheftet «Ammeku» vert det gitt praktiske døme på korleis eit tradisjonelt båsfjøs kan byggast om til eit moderne ammekufjøs.


06.11.2017

Produksjon av lammekjøt

Dei to siste åra har Sogn og Fjordane hatt ein auke i produksjonen av kjøt frå sau og lam. Men produksjonen er framleis mindre enn den var i år 2000.


26.10.2017

4000 elektroniske bjøller til dyr på utmarksbeite

Stadig fleire sauer på fjellbeite går med elektronisk overvakingsutstyr. Fylkesmannen har gitt tilskot til 4000 elektroniske bjøller.


19.09.2017

Tilskot til beiterydding

Beiterydding og utsiktsrydding kan vere det same. Har du eit beite langs ein veg som du skulle ha rydda litt i? Eller har du eit areal langs ein veg som du kunne tenkja deg å etablera beite på? Då bør du søka om tilskot til utsiktsrydding. Les meir


31.08.2017

Auka produksjon av geitemjølk

I 2016 vart det produsert 3,3 millionar liter geitemjølk i Sogn og Fjordane og dette er ein auke på 107 500 liter i høve til 2015.


Fleire nyhende